Midtre og store Rauddalseggje (23.07.2021)


Start point Gjendebu (1,280m)
Characteristic Alpine trip
Duration 12h 30min
Distance 28.5km
Vertical meters 1,450m
GPS
Ascents Midtre Rauddalseggje (2,016m) 23.07.2021 17:36
Store Rauddalseggje (2,168m) 23.07.2021 19:34

Fantastisk opplevelse. Gikk frå Gjendebu kl 9:30 med for oss tunge sekkar. Opp vakre Storådalen, og sette opp teltet ved Hellertjønne. Gps-sporet viste 14,4 km og 9:30 timar brutto t/r til Midtre og Store Rauddaldeggje frå teltet ved Hellertjørnet. Vi tok oss tid til å ta bilder og til nokre småpausar. Tidsbruk og høgdemeter er i oversikta oppdatert med ruta frå Gjendebu der vi starta. Straks vidare mot Midtre Raudalseggje. Fint innover etter å ha vassa elva, og blitt skikkeleg skoblaut. Men kva gjer det i varmt sommarver. Seingått ved Skardalsvatnet, med morener og litt laust frå fjellfoten. Vi holdt ruta tett inntil brea, då det var eit råd eg meg hadde lese. Etterpå såg vi at innteikna "Helgesen-rute" gikk litt meir på skrå mot Store, for så å dreie tilbake. Bratt var det, men opp kom vi trygt. Kun ein stad la vi ruta litt om, grunna mose og fukt. Spennande egg siste 40 meter bort på Midtre. Toppings meg stor entusiasme og flott utsikt. Ned mot skaret til Store var vi spent. Her var det verkeleg bratt, min til no bratteste nedgang. Men det var ikkje eksponert utfor, sett bort frå nesten nede ved bandet. Då klauv vi over ei blokk. Store blokker, og små hyller rett ned skjerma litt for eksponeringa. Så over bandet, og ganske seigt opp til Store Rauddalseggje. Men vel oppe, For ei utsikt. Litt bilder, og vi byrja på retur. Frå bandet gikk vi snøbrea i etablerte fotspor inntil kant, men ikkje for nære. Unngikk då breglepper, og eventuell bresprekkar. Mjuk trygg snø, der vi sette helar godt ned, og sjekka for is. Returen gikk difor noko raskare enn ved skrå-traseen i stein og på sva. Noko seigt å gå langs vatnet og vidare i retur til leiren, der vi var framme kl 23:10. Godt sletne. Det vart restutusjonsdag, samt retur til Gjendebu ettermiddag dagen etter.

Oppstigning mot Midtre Rauddaldeggje.
Oppstigning mot Midtre Rauddaldeggje.
Midtre og Store Raudalseggje.
Midtre og Store Raudalseggje.
Ned frå midtre Raudalseggje.
Ned frå midtre Raudalseggje.
På Store Raudalseggje.
På Store Raudalseggje.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.