Hodndal /Jutlamann - Ofta/Lærdal (29.05.2021)


Duration 5h 05min
Distance 15.9km
Vertical meters 1,180m
GPS

Plan var topptur, men usikkerheita låg der. Stikkord: Snø, og fottur høgt til fjells. På vegen vart det plukka nokre DNT SjekkUt-mål, på Lærdal si liste. Den tel f.t. heile 81 turar. Så litt plaster på såret i tilfelle null topping. Det var ei lita von om at det var nokon tå-rabbar, slik at eg kunne komme meg opp på Nordnosi, og gå fjellet ut til Torsstein, og ruta nedatt til Lærdal sjukehus derifrå. Ved selet i Hodndalen var det grei skuring at elva var for stri til komme over på andre sida. Så eg rusla vidare innover i eit lite håp om å kunne gå over fjellet i staden for retur. For det er ein fin tur. Det viste seg å bli ganske strabasiøst, med svært mange rotne snøfelt å passere, og nokre småskumle snøbruer over elvar. Men......opplevde å ha kontroll på dette. Det er mange småelvar, og stor snøsmelting og vassføring no, siste dagane i mai. Og i dag kom varmen skikkeleg også. Opplevde at det var meir snø ved 1100 - 1200 meter enn forventa. Men eg gikk no vidare oppover, og kom meg rundt og forbi hindringane, sjølv om det var ein del snøtrakk til knes. Må advare om at denne turen blir farleg dei kommande to vekene, fordi snøbruene over elvana då vil bli for svake, og elvane er strie. Når eg kom vel overfor Småvotni opna dette fantastiske landskapet seg. Flotte dalar, Oftedalen ikkje minst, og Bleia høgt der over som ein beskyttar for fjella. Godt med snø der enno. Fin-fin tur var det på trass av litt ekstra strev med snø. Ca. 16 km, og 5 timar på tur kjennest, når ein har 1200 høgdemeter og trakk i snø.

Hønjum gard, og vegen mot Ljøsne. Råken fjellet midt i mot.
Hønjum gard, og vegen mot Ljøsne. Råken fjellet midt i mot.
Jutlamann, den særmerkte steinfiguren.
Jutlamann, den særmerkte steinfiguren.
Selet i Hodndalen.
Selet i Hodndalen.
Det fyrste av dei to Småvotni.
Det fyrste av dei to Småvotni.
Tilbake. Småvotni rett bak, og eg er overfor Øksenvatn.
Tilbake. Småvotni rett bak, og eg er overfor Øksenvatn.
Øksenvatn med Bleia.
Øksenvatn med Bleia.
Oftedalen. Ein ser Listøl på venstre sida og Øvre Oftedalstølen på høgre.
Oftedalen. Ein ser Listøl på venstre sida og Øvre Oftedalstølen på høgre.
Mot Lærdal.
Mot Lærdal.
Lærdal i noko zoom. Bleia er med.
Lærdal i noko zoom. Bleia er med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.