Bleia i Lærdal (03.04.2021)


Start point Vardahaug parkering (940m)
Endpoint Vardahaug parkering (940m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 12min
Distance 25.4km
Vertical meters 925m
Map
Ascents Bleia (1,717m) 03.04.2021

Det var meldt fint ver, med ca. 7 ms på toppen, og valet fall på tur til Bleia i dag. Start frå Vardahaug parkering i Erdal. Berdalseken var opprinneleg plan saman med Sigmund i dag. Den turen rauk ut grunna meldt vind på 10 - 12 ms. Det viste seg at valet var greitt, men vi skulle få nokre utfordringar undervegs.

Fint innover Modlaugsbotn, og sola gjorde seg meir gjeldande etter ein god time. Særleg fint over Daudmannsvatnet. Vi såg tre turfolk på fjellski som passerte litt under oss før vatnet. Dei hadde god fart, og hadde valt rute litt lenger aust. Vi la merke til at det låg ein del skodde oppi, men rekna med at den ville sleppe taket, sidan det var litt vindfuldt. I pausen ved store stein, såg vi at det også var spor nedatt mot Vindedalen. I det vi sat og åt, såg vi at det var 5 skiløparar nede på vatnet som hadde komme ned mellom Bjørnen og Grånosi. Dei sette kurs mot toppen, medan vi åt. Det viste seg at det var Øystein Hauge og famile av han.

Vi tok dei att litt etter flata ved passering fortoppen. No var det tett, og dei undra seg litt på om vi kunne gå vidare. Eg meinte det gikk greitt ei stund enno, så lenge vi hadde spora å gå etter. Forventa at det skulle letta litt. Det var verkeleg skodde-tett i brekkjene opp, og inn på breen. Men spora framfor var greie. Like før vi kom inn på breen, møtte vi Nancy Sommer og to unge vaksne. Dei snudde mykje grunna vinden, men også at det var tett skodde. Øystein sitt følge på fem valde då å snu saman med dei tre. Då vart dei eit godt følgje på 8 på retur. Vi held fram, og då vi såg snu-spora til Nancy og hennar sine, vart vi forbause av at det ikkje var spor vidare. Vi rekna med at Rolf Engløkk og tre andre var på veg til topps. Men då var det sikkert dei som hadde gått ned mot Vindedalen (og sikkert opptatt mot Vardahaug). Dei har sikkert sett skodda, som kan ha vore tjukkare ein time før, og reorientering turen sin.

Sigmund og eg valde å halde fram, men raskt å revurdere til retur. No løya vinden litt, og vi fekk noko sikt. Snøforholda vart betre med nokre cm snø som satte gode spor. Det var såpass fast at det ikkje føyka. Dermed hadde vi spor å orientere oss med på returen. Vi heldt fram opp breen og såg nokre konturer opp bratta. Då det flata ut vart det på nytt veldig tett med skodde. Vi gjekk så lenge det var bakke opp. Enda på ein haug. Sjekka med SjekkUt-appen. Vi var 174 meter frå toppen. La kursen 45 grader til høgre og gikk knapt 100 meter flatt. Plutseleg kom det litt sikt, og vi såg toppen. Utsikta her oppe i dag kunne vi ikkje skryte av. På returen var vi nøye med å følgje spora. Det lysna litt opp, og vi fekk straks ei fantastisk køyring i god snø ned det bratteste av brea. Vidare frå ca 1500 moh var det god sikt. Ein nydeleg turdag, med litt utfordring, men innafor reint sikkkerheitsmessig.

Bleia i skodde.
Bleia i skodde.
Sigmund ved toppen.
Sigmund ved toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.