Sonvesåsen på Voss (31.03.2021)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 30min
Distance 15.4km
Vertical meters 651m
GPS
Ascents Sonvesåsen (654m) 31.03.2021 11:10
Visits of other PBEs Svartaberget (526m) 31.03.2021 11:40

Sidan bubilen skulle få ny kran på badet, måtte mogeleg daudtid nyttast til fjelltur. Frå Brynali handelsområde hadde eg sikta meg ut ein veg oppover lia mot eit skianlegg. Spreid bebyggelse og jordbruksland oppover. Korrigerte til grusveg mot garden Vike. Så på gards- og traktorveg vidare opp til tangering av vegen som gikk litt rundt åsen og opp til skianlegget. Her hadde snøen sagt takk for denne sesongen. Gikk så litt opp og imellom veg i delvis utbygd hyttefelt. Satsa mot ein sti frå nordaust, og fann denne. Det vart litt vabbing i djupsnøen innimellom, men ganske greitt til turmålet. Einaste markeringa på toppen var trestubber til eit klargjort bål (såg det ut til). Vi var framleis i granskogland. Bestemte meg for å halde fram, slik at eg fekk rundtur. Det var kjekt. Litt mindre snø, og tydelegare sti vidare. Appen med gps-sporet var god å ha i dag, då eg skulle manøvrere med nedatt på skogs, gards- og traktorvegar. Fin runde og god trim. Då har eg fått ein Vossa-topp beltet også.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.