Varhovdtinden og Børrenøse. (13.03.2021)


Characteristic Backcountry skiing
Duration 3h 12min
Distance 16.6km
Vertical meters 608m
GPS
Ascents Vardhovdtinden (1,456m) 13.03.2021 11:30
Børrenøse (1,297m) 13.03.2021 14:30

Nydeleg ver etter ein periode med ruske. Og når vi då hadde fått 2 x 5 cm nysnø siste dagane, så lova det godt for langtur inni fjellheimen frå Filefjell. Plan var Skoddetind, og kanskje eit par 100 pm. i tillegg. Godt oppi alpinløypa oppdaga eg at sekken låg att i bilen. Svarte also. Snu ? Nei etter nesten 20 minuttar og med det hardaste slitet, freista det ikkje nedatt, og påan igjen. Så då måtte eg re-organisere dagens planar. Topptur skulle det bli. Så uten mat og utan reserveklede, bestemte eg meg for Varhovdtinden. Då går ein i oppkøyrte løyper og der det er folk, for det meste. Veldig fint området ved Vardhovdflenene. Stoppa der, og skua innover det som var dagens eigentlege mål, Skoddetinden. Såg at det var gode skuterspor innover der, og folk på veg oppover inni fjellheimen. Ja-ja, det for bli ei annan gong, at dei for meg jomfruelege Valdrestoppar blir bestegne. Ergeleg at det ikkje vart i dag. Men Vardhovdtind er fin den, både å bestkue på avstand og å klyve opp på. Til mi forundring var det ikkje spor der i dag. Så dei måtte eg laga sjølv. Det er også fasinerande, å laga eigne spor til topps. Bratt frå foten av fjellet, og opp til varden på toppen. Satte att skia nede. Må sparke litt trinn på dei 10-15 brattaste metrane opp i skaret mellom dei to toppane. Fin utsikt. Då eg kom nedatt, var det eit lite følgje om hadde sett seg til ved foten for ei rast. Tenkjer at dei skulle til topps etterpå. Tok med Børrenøse på turen nedatt.

Vardhovdtinden
Vardhovdtinden
Frå Vardhovdtinden
Frå Vardhovdtinden
Børrenøse
Børrenøse

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.