Nedre Tverrberget (19.09.2020)  5


Characteristic Hillwalk
Duration 6h 54min
Distance 30.5km
Vertical meters 929m
GPS
Ascents Graveggi SØ1 (1,565m) 19.09.2020 11:34
Graveggi (1,581m) 19.09.2020 11:34
Nedre Tverrberget (1,427m) 19.09.2020 11:34

Nydeleg tur i Borgundsfjell på Filefjell. Og nett innom Årdal også. Sykla vel 8 km innover anleggsveien frå Sluten. Litt før Vikadalsvatnet, gikk eg rett på fjellet Graveggi. Var litt spent om eg kom opp der. Men eg fann framkommeleg rute på hyller og ur. Toppa dagens fyrste Graveggi aust, som ligg i Lærdal. Så var det vidare til hovudtoppen, Graveggi. Den ligg i Årdal. Greitt dit. Ned frå denne, og med bein sikt til Nedre Tverrberget. Litt vurderingar for å finne rute, men det løyste seg med fine hyller nedover. Snart vart det frodig og fint. Lettkuppert og kjekt å gå med nydeleg utsikt bortover i landskap på omkring 1400 moh. Så kom eg til kanten av Øvre Tverrberget. Der vart det bom stopp. Loddrette stup over alt. Men litt tilbake ca 200 m så kom eg greitt ned eit relativt bratt men trygt parti. Vidare ganske kupert , og så opp på toppen av Nedre Tverrberget, som var dagens turmål. På toppen var det ein merkeleg installasjon. Sjå bildet. Retur la eg mykje likt til eg kom mot Graveggi. Skrådde under denne, og fekk meg meg 1491 -toppen. Den var veldig fin, men til mi undring, inga nål der. Ikkje namn heller. Truleg frimerker-faktor på ca. 55 meter. Gikk over toppen, runda, og tilbake til sykkelen. Lett nedatt til bilen. Super dag.

Graveggi søraust 1491 (ny).  Ca 55 pmf.
Graveggi søraust 1491 (ny). Ca 55 pmf.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.