Bermålsnosi og Vetanosi (06.09.2020)


Start point Fodnes
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 47min
Distance 20.4km
Vertical meters 1,381m
GPS
Ascents Bermålsnosi (1,257m) 06.09.2020 15:30
Vetanosi (1,133m) 06.09.2020 17:14

Fin tur med Marita på tidleg haust. I dag var vi spent på ver og forhold. Det har regna mykje i det siste, men skulle bli opphald frå kl.13 og sol frå kl. 15 vel så. Sola kom fyrst kl. 18, på tur nedatt i furuskogen. Då vart det ein tur i tåke. Frå 1000 moh. ved Storeskar og inn mot Bermålsnosi var det sikt ca. 40 - 60 meter heile dagen. Men det gikk for så vidt greitt sidan eg har gått turen eit par gonger tidlegare. Det var godt å ha Peakbook-appen som GPS innover, sjølv om ein måtte zoome mykje ut for å sjå kartet. GPS-en hadde eg lagt att i dag, fordi eg forventa at det skulle lette opp når vi kom bortover fjellet. Ikkje så smart, då ein bør ha beredskap. Men to telefonar, og diverse appar er til hjelp.

På returen gikk eg oppom Vetanosi for å få ein topp til, medan Marita gikk nedatt via stølen på Fagerset, slik vi gikk opp. Ho nådde Stegen 12 min før meg, så det var bra "taima". Kjenner det godt i rygg og kne, då det var ein vaksen tur. Litt fasinerande å gå i skodde også.

Nydeleg utsikt, men ikkje i dag.
Nydeleg utsikt, men ikkje i dag.
Fagerset / Aspevikstølen, 908 moh.
Fagerset / Aspevikstølen, 908 moh.
Inn Lustrafjorden.
Inn Lustrafjorden.
Marita ved varden på Vierskardshøgdene.
Marita ved varden på Vierskardshøgdene.
Meg ved varden på Bermålsnosi. Null sikt.
Meg ved varden på Bermålsnosi. Null sikt.
Fin lyng.
Fin lyng.
Lustrafjorden og Årdalsfjorden.
Lustrafjorden og Årdalsfjorden.
Ned mot Fodnes.
Ned mot Fodnes.
Kom derifrå, stien Vetanosi rett opp.
Kom derifrå, stien Vetanosi rett opp.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.