Torfinnsbu til Bygdin via 8 toppar (11.07.2020)


Characteristic Alpine trip
Duration 13h 00min
Distance 22.7km
Vertical meters 1,365m
GPS
Ascents Nørdre Kalvehølotinden (2,019m) 11.07.2020 12:09
Vestre Kalvehøgde (2,208m) 11.07.2020 14:33
Sørøst for Vestre Kalvehøgde (2,140m) 11.07.2020 14:47
Vest for Midtre Kalvehøgde (2,114m) 11.07.2020 15:11
Midtre Kalvehøgde (2,122m) 11.07.2020 15:23
Austre Kalvehøgde (2,178m) 11.07.2020 16:24
Sørvest for Mugna (2,140m) 11.07.2020 16:54
Mugna (2,159m) 11.07.2020 17:07
Kalvehøgde Ø2 (2,088m) 11.07.2020 17:43
Visits of other PBEs Torfinnsdøla bru (1,060m) 11.07.2020 08:32

Langtur med avgang MB Bitihorn kl 7:20. Fin båttur på Bygdin inn til Torfinnsbu. Nydeleg å sjå Kalvehølotind og Torfinnstind frå båten. Så var det å gå forsiktig oppover lyngrabber, og prøve å finne ei god rute. Det gikk greit. Litt kald vind om morgonen. Vi var spent på fyrste klyvepunktet (grøn trekant 1). Det gikk greitt, men var brattare enn forventa. Hadde kvia meg nedatt denne. Vi utforska ikkje omgåinga til venstre. Andre bratta (grøn trekant 2) med kort klyvepunkt var heilt greitt. Lettare terreng, til ura siste knapt 200 høydemeter. Og her byrja snøen. Eit vakkert fjell å bestige, Nørdre Kalvehølotind. Vidare var det nytrødde spor som gjorde det lettare. Opp mot Midtre Kalvehøgde, og så litt opp og ned småskar før vi stod på Vestre Kalvehøgde. Litt snø i lufta og skiftande. Fin utsikt mot Leirungskamp- og Kalven på platå 20 meter forbi toppen. På returen tok vi også med småtoppane. Litt fotografering måtte ein også ta seg tid til. På Austre Kalvehøgda kraup vi inn i vindsekk for matrast. Tempoet oppe mellom toppar og skar var litt lågt. Rett som det var trødde ein godt i gjennom, og det er fort å få eit beinbrot i slike situasjonar viss tempoet er høgt. Frå Mugna og ned at auka tempo noko, og lange snøfelt var til god hjelp. Vi fann ei fin rute, til sist gjennom fin dal forbi Heimre Fagerdalstjern og ned til Bygdin. Knapt 13 timar var ei god dagsøkt, og vi var slitne siste timen. Turen var ei flott oppleving i barsk natur med fleire årstider. Mange flotte fjell, formasjonar, brear, utsikt, og fjellandskap. Det klikka inn 8 toppar, og der 4 var nye for oss.

Med Bitihorn på Bygdin. Kalvehølotind og Torfinnstind.
Med Bitihorn på Bygdin. Kalvehølotind og Torfinnstind.
Klyvepunkt ca. 10 meter og 60 grader bratt.
Klyvepunkt ca. 10 meter og 60 grader bratt.
Marita på topp 1, Nørdre Kalvehølotind. Topp 2 er Vestre Kalvehøgde, høgst til høgre for ryggen hennar.
Marita på topp 1, Nørdre Kalvehølotind. Topp 2 er Vestre Kalvehøgde, høgst til høgre for ryggen hennar.
Vestre Kalvehøgde 2208.
Vestre Kalvehøgde 2208.
Høgaste i Vang i Valdres, 2208.
Høgaste i Vang i Valdres, 2208.
Vestre Kalvehøgde, Austre Leirungstinden og Skravflyløyfttinden.
Vestre Kalvehøgde, Austre Leirungstinden og Skravflyløyfttinden.
Vestre Leirungstinden i skodde.
Vestre Leirungstinden i skodde.
Leirungstjønning 1576 og toppar bak.
Leirungstjønning 1576 og toppar bak.
Vestre Kalvehøgdmassivet med tre 2000-meter toppar. Sett frå Austre Kalvehøgde.
Vestre Kalvehøgdmassivet med tre 2000-meter toppar. Sett frå Austre Kalvehøgde.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by JonnyA 13.07.2020 21:00

    Litt av ein runde dette der!

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Esone 13.07.2020 22:11

      Me vart godt trøytte siste timen ja. Fantastisk opplevelse. Skiftande. Mange timar i snø på sleipe steinar over 2000 meter. Ruta er fin, og innafor i tal km. Men det tok tid oppi der. Må eta mat og fotografere litt og. Tilrådast i turt og når snøen har smelta :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.