Grånosi, Sjønosi og utsikt (04.07.2020)


Characteristic Hike
Duration 5h 24min
Distance 10.8km
Vertical meters 952m
GPS
Ascents Grånosi (1,209m) 04.07.2020 14:02
Visits of other PBEs Glipstølen (830m) 04.07.2020 12:37

Utsikta frå Sjønosi i Lærdal må opplevast. I dag var ein perfekt dag, med sol, men ikkje for høg temperatur. Marita hadde hovudmål Sjønosi, og eg vart villig med. Det er merka heilt fram til målet Sjønosi. Ruta føl stølsveg frå like over Helland i Erdal og til Glep, 850 moh. Dette er ein svært vakker støl. Ruta vidare fører ein inn i flott grøn og vakkert terreng med nydeleg vegetasjon. Lyng og mose med flotte fargar. Vi måtte ha med topp, sjølv om denne var grøn. Og utsikta opp mot Grånosi 1209, og frå varden var formidabel. Eg talte 13 stk. 100 pm. toppar i Lærdal kommune rundt om. På toppen brukte vi tida og kosa oss med utsikta og litt fotografering. Følgde så ryggen delvis, og sikta oss inn på Sjønosi. Her kosa vi oss ein halvtime, og åt resten av matpakka. Dette er den flotteste turen i Lærdal kommune. Og hugs og få med deg Grånosi 1209 når du skal til hovedmålet Sjønosi.

Erdal.
Erdal.
Glep.
Glep.
Høganos, Hesthovden, Hånosi og Nordnosi.
Høganos, Hesthovden, Hånosi og Nordnosi.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.