Fodnes-Vetanosi-Lærdal (26.06.2020)  5


Start point Fodnes (25m)
Endpoint Lærdal (19m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 17min
Distance 11.8km
Vertical meters 1,129m
GPS
Ascents Vetanosi (1,133m) 26.06.2020 20:50

Kveldstur frå Fodnes ferjekai til Lærdal. Tur via ein 100 pm. topp i Lærdal. Frå Fodnes går det sti oppover åsen i svalande furuskog. Noko sva til å byrja med, men mykje god mjuk sti. Det er turmål ved St. Olavskjelda på ca 380 moh. og utsiktspunktet Stegen (565 moh.). Der er det flott utsikt både innover og utover fjorden. Utpå kanten ved Stegen ser ein den nesten loddrette fjellveggen frå kanten av Vetanosi og ned i fjorden. Mindre dramatisk er sjølve toppen, som er heilt flat.

På turen vidare frå Stegen, føl ein merka ruta til Fagerset, og som også er merka vidare via Storeskar, føl gamal telefonlinje med flotte murar over til Åsen i Lærdal, og vidare til Stødno. Men i dag nytta eg ei anna rute. Frå ca. 700 moh. går eg rett opp i staden for å dreie bortover mot Fagerset. Rett opp er svært bratt. Her er ikkje merka, men det er no så mange som tek turen "Vetanosi Rett Opp", at det er vorten ein sti, mykje heile vegen. Over tregrensa att, er det stadvis stiar (gamle dyretrakk). Så er det å følgje sti når det flatar ut, og så dreie i retning mot Vetanosi, når ein har fått høgde nok. Utsikta oppå fjellet og frå Vetanosi er heilt fanstastisk. Ein ser dei fleste stortopp-fjella rundt Lærdal. Ser også vakre Blåskavlen på Aurlandsfjellet, Hurrungane og mykje meir. Frå toppunktet, er det å styre ned mot den store varden, og så er det merka vidare mot Lomtjørn, og Åsen.

Vetanosi mot fjorden.
Vetanosi mot fjorden.
Hornsnipa og Blåskavl-breen. Erdal i skuggen.
Hornsnipa og Blåskavl-breen. Erdal i skuggen.
Store Hånosi (1836) mellom Tønjadalen og Sendalen. Storehaugen (908) over Lærdal rett under.
Store Hånosi (1836) mellom Tønjadalen og Sendalen. Storehaugen (908) over Lærdal rett under.
Mot Lærdal. Haugsgjel, og Nordnosi til venstre.
Mot Lærdal. Haugsgjel, og Nordnosi til venstre.
Vetanosi frå Lomtjørn.
Vetanosi frå Lomtjørn.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.