Snøvegen og Tissedalsvarden (13.06.2020)


Characteristic Backcountry skiing
Duration 4h 24min
Distance 12.9km
Vertical meters 397m
GPS
Ascents Tissedalsvarden (1,633m) 13.06.2020 09:57

Fin sommarskitur med Lærdal turlag. Turen var utsett frå tidlegare grunna dårleg vêr. Heile 14 glade skifolk vart med på denne rolege fine turen langt uti juni. Veldig kjekt. Til og med kjønnsbalansen var lik med sju av kvar. Snøvegen i Lærdal bør bli kjend for fleire. Dette fjellet har mykje snø, og det er fort å komme seg opp i 1300 meters høgd over havet, både frå Lærdal og Aurland. Terrenget innover var lettkupert og flott. Vi tok rast i ly av ein haug. Vinden var merkbar i dag, og det einaste som mangla på heilt perfekt tur. Etter kvart kjem ein inn til Tissedalsvatnet, så tek ein opp i litt meir nordleg retning. Svak stigning i fin boge. Fin nesten flate innover, til ein står ved den store varden. Denne varden er perfekt, stor med ein svak vinkel ut, som ein pokal. Så var det ny matrast. Sidan vinden var såpass merkbar var det stemning for retur. Men etter kort tid avtok vinden, og sola vart enno meir strålande. Utsikta mot Hornsnipa og Blåskavlen var veldig flott. Heile panoramaet, veldig flott. Alle kosa seg i siglinga nedatt til bilane. Kan tilrå å forlenge turen til Bårdshøgi, for å få med den vakre utsikta frå over 1600 meter og ned til jordbruksland i grøne Lærdal.

Store Tissedalsvarden.
Store Tissedalsvarden.
Fin gjeng på skitur i juni.
Fin gjeng på skitur i juni.

User comments

  • -
    avatar

    Snøvegen

    Written by PeakFloyd 15.06.2020 08:48

    Hei Einar. Ser du har fått noen fine skiturer i helga. Er det fremdeles nok snø til å gå på ski til Bårdshøgdi?

    • -
      avatar

      Sv: Snøvegen

      Written by Esone 15.06.2020 09:04

      Ja, nokre dagar til. Kjem an på kor intens varmen blir. Det er opp ved elva Tissedøla som kan utfordre, med ein kan sikkert gå seg inn på land litt der. Veldig fint og godt med snø oppå flatene. Skiforholda opp til sjølve Bårdshøgdi, såg vi ikkje frå varden. Vi såg den snøfrie delen, nærast dalen. Det er no ei grei ur siste få høgdemetrane, om det ikkje er snøheilt heilt fram. Det er også plan om tur inn til Stormelane. Så nokre skiturer kan ein framleis skvise ut her.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.