Blåskavlen (10.06.2020)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 12min
Distance 13.0km
Vertical meters 614m
GPS
Ascents Blåskavlen (1,809m) 10.06.2020 18:56

Lærdal turlag arrangerte spontan-tur via Facebook dagen før. Vi var 8 i følgje, pluss to som kom etter avtale litt etterpå. Det var lagt opp til å gå frå Trollahaug 1250 moh. Denne ruta var ny for meg, då vi pleier gå frå Modlaugsbotn om vinteren. Om sommaren går vi til vanleg frå høgaste pkt. på fjellevegen (ved Jonsnosi), og opp sjølve brea Blåskavlen. Det var svært greitt terreng å gå opp i frå Trollahaug, med Hornsnipa til høgre for oss. Om lag 6 1/2 km kvar veg fordelt på 614 høgdemeter. Det er heilt fantastisk å kunne køyre bil i 25 minutt, for så å spenne på seg skia, og dette 10. juni. Ein særs snørik vinter hjelper på, men denne fjellovergangen er kalla "Snøvegen" av ei årsak. Tidlegare har eg gått til Blåskavlen 1. juli, utan å ta av skia. Dette er ein unik stad. Det å komme opp 1809 moh., og sjå ut over fjella og fjordlandskapet er svært vakkert. Her kan gjerne fleire sogningar og andre finne vegen for ein fin og rask sommar-skitur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.