Vetanosi og Aspevikstølen (10.11.2019)


Characteristic Hillwalk
Duration 3h 12min
Distance 11.0km
Vertical meters 1,121m
GPS
Ascents Vetanosi (1,133m) 10.11.2019 14:13

Ein nydeleg kald og klar novemberdag. Enno lite snø i høgda. Plan om topptur frå stien frå Fodnes til Aspevikstølen. Fyrste stopp for å nyte utsikta var frå utsiktspunktet "Stegen" ca. 550 moh. Flott utsikt til Bleia herifrå. Så vidare på stien til den flatar ut og dreiar i retning Aspevikstølen. Nett her går det trakk vidare rett opp. Mogeleg hjortetrakk, men som no er markert ved at fleire tek turen rett opp til Vetanosi. Einkvan har knytt eit plastikkband i treet rett etter denne avstikkaren rett opp. Og her får ein prøvd kondisen dei kommande vel 100 høgdemeterane. Kvotane står tett, men det er på lag sti heile vegen. Hærleg når det flatar ut ved tregrensa, og sola varmar litt. Etter eit litt flatare parti kjem ein bratt skrent. Greitt å bruke hendene litt sidan det låg snø i stien. Ikkje vanskeleg i dag, men greitt å ha snøkjetting i sekken denne årstida. Utsikta ned den grøne åsen og fjordlandskapet utover er fantastisk. Og etter kvart får ein også med snøen som kontrast til det heile. Terrenget flatar ut over 1050, og det er 10 min transport bort til toppunktet, som er rimeleg flatt. Men utsikta her er likevel svært vakker. Deler nokon mobilbilder nedanfor.

Bleiafjellet i Lærdal sett frå "Stegen".
Bleiafjellet i Lærdal sett frå "Stegen".
Gjelet under Vetanosi sett frå "Stegen".
Gjelet under Vetanosi sett frå "Stegen".
Bratt her ved ca. 850 moh. Ser inn Årdalsfjorden
Bratt her ved ca. 850 moh. Ser inn Årdalsfjorden
Bleia og ut Sognefjorden.
Bleia og ut Sognefjorden.
Sognefjorden og Fodnes - Mannheller.
Sognefjorden og Fodnes - Mannheller.
Inn Lustrafjorden. Molden litt til venstre for midten.
Inn Lustrafjorden. Molden litt til venstre for midten.
Toppen. Vi ser mot Bleia med litt zoom. Ser du ørna ?
Toppen. Vi ser mot Bleia med litt zoom. Ser du ørna ?
Retur frå Vetanosi mot Aspevikstølen. Hurrungane i bakgrunn.
Retur frå Vetanosi mot Aspevikstølen. Hurrungane i bakgrunn.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.