Krekanosi og Biskopsnosi (07.09.2019)


Duration 3h 42min
Distance 13.3km
Vertical meters 628m
GPS
Ascents Krekanosi (1,554m) 07.09.2019 16:09
Biskopnosi (1,477m) 07.09.2019 17:09

Fin tur i noko ukjent terreng frå Sletterust. Ein Lærdalstopp og ein Årdalstopp over 100 pmf. Køyrde bil opp til ei høgde i hyttefeltet. Sykla så ca. 2 km innover 1000-metervegen. Tok til å gå opp på ve. side av Biskopselvi. Opp nokre sva, og etter kvart varder og inn på sti. Fint å gå. Valde å gå lettast terreng og rett fram så lang som råd. Dreia så mot vest, for å få posisjon mot toppen. Lettkuppert. Moro å gå her å vurdere rutevalg i terrenget mot fjellfoten. Her og vidare opp var det haugar, knauser, stein som brear har lagt att, og nokre skrenter der eg vurderte greiast oppklyv. Aldri vanskeleg. Det var ein liten fortopp, før toppen. Måtte vere litt varsam opp siste kneika, då det var blaut og glatt snø. Toppen var ingen maiestet, men ein er langt inni fjella, og det er goldt og grått og svart mot Berdalseken. Tok bilder rundt. Steinmassar mest her oppe, men fin utsikt mot vatna Heimre Krekavatn og Biskopsvatnet på returen. Så opp til Biskopsnosi. Meir frodig her, i lysegrønt med reinsmose. Utsikta frå denne toppen er enorm mot tindar i Jotunheimen. I dag ikkje fullt slik, då høgste toppane ofte var dekka av skyer. Men eg fekk sjå nokre snøkledde 2000-metringar innimellom. Så retur til demninga ved vatnet, delvis sti ned. Ein kunne passere halvmeteren under kanten av demninga. Så ei bratt kneik ned, og å sikte seg over dei to vatna, og tilbake på sti. Finfin tur i moro terreng. Det var meldt lettskya i dag, men sola såg eg lite til. Regnet trua ei stund på fleire kantar, men unngikk meg �.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.