Trolltinden (13.07.2019)


Duration 12h 00min
Distance 27.9km
Vertical meters 1,259m
GPS
Ascents Trolltinden (2,018m) 13.07.2019 15:24

Då var dagen klar for vår 10. og siste topp i Rondane-massivet. Vi kom til Dørålsæter dagen før, og overnatta i bubilen. Fint vèr, og vi kom av garde litt før kl. halv 9. Nydeleg dag med varmt og mest sol. Lang anmars, men svært vakkert å oppleve dei store avstandane med fjell og toppar som dukkar opp undervegs.

Etter vel to timar såg vi Trolltinden for fyrste gong. Sett på avstand virka ikkje toppbestigninga så omfattande, men her skulle vi ta godt feil (noko vi for så vidt var førebudd på). Sjølv ved foten av fjellet ein knapp time etterpå, såg bestigning grei ut. Det som overraska var kor fort tida gikk i baksinga mellom dei enorme blokkene av fjell som legg strødd ned heile nordsida av toppen. Det tek rett og slett tid, men blir aldri vanskeleg.

Skikkeleg opptur då å komme opp til toppunktet og varden. Då var Rondane gjordt :) Vi hadde att returen da, og då heldt vi litt lenger mot vest. Her skal ein vere svært varsam, og ikkje halde for lenge i den retninga, men over mot nord att ved brea. Fin retur også, og noko kjappare ned att frå toppen. Vi brukte ca. 12 timar brutto på denne opplevinga. Denne turen kjem vil til å hugse lenge.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.