Store Tverrbottinden og tre til. (27.06.2019)  5


Duration 9h 11min
Distance 12.8km
Vertical meters 1,250m
GPS
Ascents Midtre Tverrbottinden Nord (2,151m) 27.06.2019 11:29
Midtre Tverrbottinden Sør (2,106m) 27.06.2019 11:29
Store Tverrbottinden (2,161m) 27.06.2019 11:29
Vest for Tverrbottinden V1 (2,110m) 27.06.2019 15:20

Påbyrja ferie og tid for topptur. Køyrde fjellveggen Årdal - Turtagrø, og over Sognefjellet. Inn Leirdalen. Her hadde grøver og elva rota det skikkeleg til etter sist vinter. Vegen var plastra fleire stader. Ikkje lett å halde god veg i slike omgjevnader, med veg bygd på leire, og store naturkrefter som herjar. Vi fann ei lita p-lomme få km frå Leirvassbu, og sikta oss inn mot Leirløyfte. Vi kom litt høgt, og måtte litt ned att, før vi skrådde bort til venstre for grova ved Leirløyfte. Litt planlegging for å finne godt oppsteg i dei bratte grasbakkane før brattura. Vidare greitt i til dels laus og bratt ur. Skar litt til venstre, og nådde kanten mot brea 50 meter over skaret. Raskt oppe på Vest for toppen. Flott utsikt, og stilig å sjå ut til hovudtoppen. Vi prøvde opp på den ved å gå ned i sida som beskreve. Vardar viste dei to nedstega. Vi snudde 20 meter frå renna, sidan vi måtte opp på eit litt smalt pukkel-liknande hyllegalleri. Eg trur ein kan gå under den, når brea smeltar meir ned utover sommaren. Her snudde vi, og heldt fram til Store Tverrrbottinden.

Stor naturoppleving å gå frå topp til topp bortover. Stup, skavlar, bre med sprekker. Stadig nye toppar som dukka opp undervegs. Opp til dei to midtre toppane gikk det raskare enn til store. Fotografering på alle fram og tilbake. Nedgangen var grei i stor stabil ur, før vi kom ned i flatere lende med god mjuk mose å trø på. Vel 9 timar og storfornøyde med dagens opplevelse.

Terrenget flatar ut etter oppstigninga frå dalen.
Terrenget flatar ut etter oppstigninga frå dalen.
Bratt opp Leirløyfte. Opp på graskledde hyller litt for langt nord.
Bratt opp Leirløyfte. Opp på graskledde hyller litt for langt nord.
Skaret og Store Tverrbottinden til høgre.
Skaret og Store Tverrbottinden til høgre.
Frå toppen 2110 mot 2113, som hadde besøk.
Frå toppen 2110 mot 2113, som hadde besøk.
Profileigar på Vest for Tverrbottinden V1.
Profileigar på Vest for Tverrbottinden V1.
Tilfeldig spot. Bøkkehøe 2314 heilt til venstre.
Tilfeldig spot. Bøkkehøe 2314 heilt til venstre.
Kjærast Marita lagar fine bilete.
Kjærast Marita lagar fine bilete.
Store Tverrbottinden (nærast), og Midtre Tverrbottinden sør.
Store Tverrbottinden (nærast), og Midtre Tverrbottinden sør.
Tverrbottinden V1.
Tverrbottinden V1.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.