Amlaholten (21.05.2019)


Duration 0h 48min
Distance 5.0km
Vertical meters 244m
GPS
Ascents Amleholten (508m) 21.05.2019 17:36

Liten tur for å utforske kva Kaupanger byr på, etter arbeidsoppdrag i Sogndal. Tok av mot Festingdalen, og sette bilen på ein grusplass, nokre km inn i skogsområdet. Eit gamalt skilt viste veg "Amlaholten". Fin graskledd skogsveg i lett stigande terreng inn på nordvestsida av "holten". Etter kvart over på sti og siste delen ganske bratt til øvste punktet. På toppen var det postkasse i regi av Kaupanger idrettslag (den song på permen :) Frå toppen er det fin utsikt over mot Bleia, og ut fjorden. Turen vidare gikk på morosam og svingande sti nedover, som gikk over til skogsveg. Dette er ein lett rundtur i fin barskog. Ein kan gjere turen lenger ved å ta med ein annan topp, Søre Gråbrørne, som ligg lenger aust. Det er mange skogsvegar og stiar i området. Fint for fotturar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.