Vetanosi (28.04.2019)


Start point Fodnes (31m)
Endpoint Lærdal (23m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 42min
Distance 12.9km
Vertical meters 1,226m
GPS
Ascents Lisbethaugen (291m) 28.04.2019 13:36
Vetanosi (1,133m) 28.04.2019 15:04

Denne turen kombinerer utsikt, skikkeleg bratt ein stubbe, og formidabel utsikt undervegs. Start ved Fodnes ferjekai, og slutt ved Hedler bru eller Stødno i Lærdal. Frå Fodnes er det fin sti i furuskog. Trimpost ved St. Olavskjelda ca. 380 moh. Nydeleg utsikt frå Stegen ca. 550 moh. Så ber det vidare opp, og frå der stien dreiar mot Fagerset, held ein fram bratt og rett opp på hjortetrakk, til det flatar ut. Så finn ein sti vidare opp, til det flatar ut ved ca. 1100 moh. Under vegs i dette bratte terrenget, får ein ei nydeleg utsikt når ein kjem over tregrensa. Sognefjorden, Lusterfjorden, og nydelege fjell i alle retningar. Det går sti i jamnt terreng bort mot varden. Men eg dreia litt mot nord, og følgde terrenget mellom haugar, og i retning toppen av fjellet. Vetanosi "sin topp" er eit ganske flatt høgdedrag, med tre markerte punkt (som ser ganske like ut). Så er det å sleppe seg ned til den store varden på 1107, 29 meter lågare i terrenget. Her er det flott utsikt mot Bleia. Så er det merka litt nedover mot Trånanakken. Dette er gjort for å få fin utsikt opp den vakre Erdalen. Vidar innover i retning Lærdal, får ein utsikt til Lærdalsøyri, før ein kjem nedatt i skogen. Sti i småkuppert terreng til Lomtjørn. Så dreiar det litt, og blir brattare ned mot Åsen, stølen til garden Stødno. Herifrå bratt på sti nedover. Få med deg "Synet" eit sva 5 min nedanfor Åsen. Ved ca. 400 moh. kan ein ta snarvegen nedatt til Hedlerbrui og Lærdal. Merk deg at denne stien er veldig bratt, så ver varsam så du ikkje løyser ut stein. Eit kort parti er det ein kjetting å halde seg i. Alternativet er på sti ned til garden Stødno. Denne turen på vel 1200 høgdemeter ca. 13 km, og har det meste. God tur til deg som vil prøve den på ein fin dag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.