Langtur 38 km frå Filefjell til Lærdalsøyri med Lærdal turlag. Dette er ein tradisjonstur som har vore gått sidan 60-talet (om ikkje alle år). Det er ein fantastisk flott skitur i urørt natur. Den tøffe delen er å gå på føtene dei sist 840 høgdemeterane frå Øvre Oftedalsstølen og ned til sjukehuset. Normalt greit, men ein kjenner det etter 9 t 15 min på ski fyrst. Bruttotida vart 11:20 timar denne gongen. Lite snø, men greitt skiføre (universalklister eller kortfeller). Peakbokappen svikta, og difor ingen spor.
User comments