Skålanosi pkt. 1550. (17.02.2019)


Characteristic Backcountry skiing
Duration 4h 17min
Distance 13.3km
Vertical meters 450m
GPS

Turmålet vart ikkje nådd. Det er svært lite snø i fjella i Lærdal og Borgund. I dette området sør for Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet var det lite snø, hardt, steinete og ikkje topp føre i dag. Med ski på beina, godt turfølge og god trening, likevel heilt greitt. Peakbook-appen var heilt på jordet i dag. Vart ikkje med heilt fram, og null registrering på returen. Måtte stole på Polar. Då vi nådde høgaste punktet på den nordlegaste av dei to Skåla-nosene, såg vi at det var uråd å ta seg ned skaret til vatnet Halsatjørni. For lite snø, store skarpe steinar og is. Alternativet kunne ha vore å gått litt tilbake, og slept seg ned i vestsida. Grunna føreforholda, var gruppa nøgd med lengda på turen, og vi returnerte. Vi var 7 pers i fylgjet med Lærdal turlag.

Lærdal turlag, skitur nr. 1 2019, 7 deltakarar.
Lærdal turlag, skitur nr. 1 2019, 7 deltakarar.
Nedfart på hard skare.
Nedfart på hard skare.
Dagens rute til 1550 moh. Skålanosi N.
Dagens rute til 1550 moh. Skålanosi N.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.