Sundstua (25.08.2018)


Duration 3h 12min
Distance 6.3km
Vertical meters 643m
GPS
Ascents Sundstua (549m) 25.08.2018 15:53
Visits of other PBEs Gloføyke p-plass (5m) 25.08.2018 14:10

Tur til toppen på Rugsundøya med fantastisk utsikt til Hornelen. Denne turen var lagt inn som ein aperetiff på Lærdal turlag sin årlege medlemstur. I år var vi for fyrste gong til kysten. Målet var Hornelen (nådde den dagen etterpå), sosialt samvær med overnatting og god mat i Kalvåg.

Det vart ein fin dag med enno eit topp og nydeleg utsikt. Nokre små regnbyger under vegs, og ei skikkeleg byge på toppen. Dette sette ingen dempar på opplevinga. Ein god topptur-smakebete før morgondagen, og skjerpa apetitten til det nydelege koldtbordet "Havets festmåltid" som vi kosa oss med seinare på kvelden på Knutholmen.

Startpunktet Gloføyka parkering.
Startpunktet Gloføyka parkering.
Bratt opp til vatnet.
Bratt opp til vatnet.
Fantastisk utsikt til Hornelen (dit vi gikk dagen etterpå).
Fantastisk utsikt til Hornelen (dit vi gikk dagen etterpå).
Gloføykvatnet 228 moh.
Gloføykvatnet 228 moh.
Mot toppen Sundstua.
Mot toppen Sundstua.
Kva i alle dagar er dette?
Kva i alle dagar er dette?
På toppen.
På toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.