Gravehovdane (27.05.2018)
Start point | Grimsøyn (337m) |
---|---|
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 4h 35min |
Distance | 16.4km |
Vertical meters | 1,248m |
GPS |
Ascents | Gravehovdane (1,582m) | 27.05.2018 13:42 |
---|
Ein fantastisk tur i Lærdalsfjedli. Starta ved Grimsøyn ca. 350 moh. Sol og varmt, men greitt å gå stigninga opp til Areberg, (ca. 940 moh.) som vesentleg er på sti i tett skog. På Areberg er det ei flott steinbu med oransje mosefarge på. Og utsikta inn mektige Nesdalen er maiestetisk.
Vidare følde eg nokon trakk. Tenkte å gå ganske rett på, og fann eit fint mose- og lyngfar rimeleg rett opp. Gikk på erfaring og innebygd terrengforståing. Sjekka appen innimellom ;)
Mykje bratt oppover. Innom nokre snøbruer frå 1400 moh. Det som overraska mest i dag, er at snøen er borte, og vi skriv 27. mai. Oppå fjellplatået Gravehovdane, som ligg mellom 1500 og 1582, finst ikkje snø. Det er vakkert grønt :).
På toppen vart det noko fotografering. Mest av alt var det berre å sjå, og nyte den vakre utsikta 360. Nedatt ville eg gå litt ansleis i terrenget. Fann fine jamne flener nedover, noko vest for der eg gikk opp. Veldig fin retur. Når det braut ned mot eit dalføre, runda eg litt nordaustover, og fann ei fin rute ned ryggen som enda på Areberg. Supert !. Det var også ein del trakk og sist sti frå 1250 moh. og nedatt til Areberg. Slik fekk eg meir natur og nye område å kvile auga på undervegs. Det vart også mindre bratt på returen frå toppen av fjellet og ned til Areberg. Gps-spora syner rutevalet mitt.
Ein fantastisk tur, som eg gjerne kunne hatt følge på. Denne kan vere fin å arrangere som turlagstur, tenkte eg i vandringa oppi der.
User comments