Smeddalsfjell. Topp ca. 1444 (30.12.2017)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 35min
Distance 13.0km
Vertical meters 525m
GPS
Frå Sluten
Frå Sluten

Ein heilt vanvittig nydeleg dag med 10 cm pudder. Testa nytt Randonee-utstyr. Hadde plan om Rupeskardseggi, men tok opp frå Valdresdalen eit par hundere meter for tidleg. Hadde også mistanke om at det var feil. Nådde ein topp på Smeddalsbergi. Peekbook-appen virka ikkje. Trur Gps`n på Samsungen var vrang.

Når vi såg varden på toppen i mot, tok vi den i staden for å endre kurs. Vi fann ut at det vart litt for lite tid/lys til Rupeskardseggi i dag. Litt sløvt av meg, sidan eg har gått i dette terrenget minst 15 gonger før. Neste gong blir det Garmin GPS i back-up.

Turen elles var no heilt nydeleg. Sett bort frå at det er bakevja i Valdresdalen denne tida på året, med tanke på sol. Fin sol opp frå start da :) På turen ned att kunne vi køyre korleis som helst i mjuk fin nysnø. Då vi kom mot hovuddalen att i påbyrja skumring, var himmelen farga raud i aust mot Valdres. Fantastisk !! Ja endå til snøen hadde raudskjer i byrjande skumringstime.

Marita var storfornøyd med Rando-ski. Følte seg mykje tryggare nedover, enn med fjellski. Det blir fleire turar :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.