Snøholstinden (26.08.2017)  5


Characteristic Alpine trip
Duration 10h 54min
Distance 25.9km
Vertical meters 1,386m
GPS
Ascents Snøholstinden (2,141m) 26.08.2017 15:08
Visits of other PBEs Fondsbu (1,065m) 26.08.2017 09:35
Snøholstinden.
Snøholstinden.

To dagar med etterlengta klårvèr, og helg. Då vart det tur til Jotunheimen frå Eidsbugarden. Vi valde Snøholstinden (eller Snøghølstinden / Snjogholstinden) som rundtur. Spennade å finne passande rute. Ringa rundt vatnet og bestigning frå søraustsida.

I klyvinga opp mellom 1800 og 1900 kvota vart vi merksame på eit taulag som rangla seg over austveggen. Den er kvass, og vi var ikkje missunnelege. Det viste seg når vi skulle bortover snøbrua under egga, at den var noko meir hard enn forventa. Brattare og. Heldigvis hadde vi med eitt par stegjern og eit par snøkjetting. I tillegg eitt par stavar som vi delte. Det gikk greitt, men det er meir vertikalt enn kva bileta kan fortelje. Tilrår både stegjern og isøks her.

Denne toppen og turen må eg karakterisere som ein av dei vakraste i Jotunheimen. Både på avstand, og utsikta på toppen. No har eg rett nok ikkje vore på alle toppane over 2K.

Vi valde å gå renna sør nedatt, og vestsida. Retur mellom Snøholsvatna, og DNT-ruta mellom Olavsbu og Eidsbugarden på returen. Ein heilt fantastisk tur som vi leve lenge på.

På toppen av Snøholstinden.
På toppen av Snøholstinden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.