Besshøe og Besseggen (15.09.2016)


Start point Bessheim (1,060m)
Endpoint Besshø (2,258m)
Characteristic Trip by foot
Duration 12h 00min
Distance 27.1km
Vertical meters 1,610m
Map
Ascents Besshøe (2,258m) 15.09.2016 08:25

Fantastisk rundtur med start ved Bessheim kl. 8:30. Bessheim-Besshøe-Besseggen-Bessheim. Hele 27 km. Vi gikk ruta mot Glitterheim til stidele, så vest og på nordsida av Bessvatnet. Vi heldt ca. 100 høgdemeter opp frå vatnet, skrådde mot ryggen vest om Grotåe, der sjølve oppstiginga av østryggen verkeleg tek til ved ca 1520 moh.

Nådde toppen etter vel 5 timar. Fantastisk utsikt i stup ned mot Nedre Russglopet. Halvtime pause her oppe. Berre å nyyyte.


Vi tok nedstigninga i retning sørøst. Følgde aust om eit elveløp, og passerte over ei lita snøbru. Dreia mot vest ved 1800 moh, og kom ned på stien mellom Bjørnbøltjønnet og Bessvatn. Så bar det bortover mot Besseggen. Opp fyrste gong for min kjære, og min tredje gong. Spennande for henne. Over Veslfjell, og så på ruta mot Bessheim, som går mot osen til Bessvatnet. Der tangerte vi og hadde gått ein runde. Så bar det på stien nedatt til Bessheim. Brutto 12 timar, og skumring til sist. Gåtid 10:55 medrekna ein god del små fotopausar :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.