Høgdebrotet frå Leirungsdalen (03.08.2016)


Distance 25.5km
Vertical meters 1,229m
Map
Ascents Høgdebrotet (2,226m) 03.08.2016 13:07

Vi parkterte ei par km vest om Vargebakken, nett ved skiltet "Øystre slidre". Det vart difor litt lenger anmarsj enn den vanlege ruta. Fyrst over nokre myrar som var noko blaute, men merkt med to staurar. Deretter fin sti ned til brua over elva "Leirungsåe". Eit merke var det at det tok eit time og 10 min å komme så langt at vi var rett overfor bubilen (då vi runda Semmelshøe). Ca. halvanna time inn til fjellfoten og fyrste rast litt oppi, på 1299 moh. Velfortente skjever. Det var forresten eit arktig lyngparti på siste flata, der vi forsvann nedi lyngen, og med armane rett opp.

Etter rasta bar det opp "Steinflybakkan" på høgre sida av hovudløpet til grova/elva. Her var det bratt. Vi heldt oss langt elvekanten, og det var pålag sti oppover. Etter kvart meir stein og grus, og vi skrådde litt att og fram før vi kom opp på Steinflye, og fekk eit noko flatar parti, før den verkelege stigninga tok til etter Steinflye, på ca. 1700 moh.

Vi vurdert litt om kva som var lettaste rutevalet. Egga heilt til høgre, heilt til venstre, eller brea rett opp ? Vi gikk til høgre, men ikkje heilt bort på egga. Vi ringa att og fram i eit månelandskap av store sva, og etter kvart på brear oppatt mot midten av egga. Det funka fint. Her var det skikkeleg sugande opp brea, og pulsen gikk. Litt før 2000 moh. flata det ut ei lita stund, før siste ura oppover. No kom det noko yr, litt slutt, og vi gikk inn i tåkeværda. Ikkje mykje nedbør, men steinane vart blaute, og vi laut bruke litt hendene å støe med. Det gikk ikkje så fort her, men ca 45 min. til, og vi var på toppen. Eit par toppturbilete, men å bestemte vi oss for raskt å returnere ned under skodda att.

Ca 30 meter sikt, men nok til å finne fram, og vi hadde gps-en i bakhand, som viste oss vegen dei fyrste hundre meterane på returen. Daileg å komme nedatt til fantastiske verfenomen med sola under oss, og skøer som spegla landskapet langt der nedanfor i det grøne. Verkeleg opplevese nedatt frå ca 2000 moh. :) :) Då tok vi oss tid til å ta ein del bilete.

Men det var berre mobilkamera som var med i dag. Vi rasta att nede under Steinflye, på omlag 1400 moh.

Etter denne rasta var det berre litt att av nedstigningi, så vierpartiet, og den lange marsjen i hesteskoform tilbake til bubilen. Her fekk vi fylgje av fleire store reinsflokkar, som følgde oss helt ned til brua ovanfor Leirungen. Etterkvart vart det ein stor reinsflokk. Eit par hundre dyr, anntok vi. Dei låg alltid litt nedanfor og føre oss. Stoppa av og til litt opp, stira på oss, noko nysgjerrige. Trur dei likte dei skarpe fargane på kleda våre. Siste etappa frå brua og opp til vegen, kjende vi oss skikkeleg slitne, og noko sårføtt. Då vi tangerte asfaltkanten sa klokka
8 timar og 55 min på tur, brutto tid. Gangtida vart omlag 8 timar, 10 min. Ein vaksen tur, som vart ein liten halvtime lenger enn forventa grunna regnet og tåka siste etappa mot toppen. Klokka hadde nett passert 10, og det byrja straks å mørkne.

Mange flotte naturopplevingar stadig undervegs. Frå det frodige grøne til steinformasjonar, våtmarksområde i 1800 meters høgde, til brear, blomstrar, og stein i alle storleikar, fargar og fasongar. Fasinerande, og ein god dag.

Vi køyrde ytterlegre eit par km oppover, og fann ein fin rasteplass å parkere i lag med nokre andre bubliar, og teltarar lenger nedpå. Dette var like overfor Raudhamran, og sti går herifrå og innover, der det skal vere råd å passere elva, på gode dagar.

Ei god natts søvn, og neste dag vakna vi til eit Høgdebrot, som var heilt skyfri. Det vart ein restitusjonsdag :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.