Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Lyfjellet, Farsund og Kaldåskniba, Lyngdal

Date:
02.08.2018
Distance:
4.5km

På veg frå Arendal til Stavanger var det manko på kommunetoppkontoen i Lyngdal/Farsund tatt i 2011 grunna finjustering av Farsund sin topp i 2015 og M som aldri hadde vore her. Vi fann vegen via Lyngdal og opp i UrenLuren – strøk i duskregn. Masta kom etterkvart til synes og p-plassen var som førre gong lett å finne. Me venta til regnskuren gav seg og tok på joggetøy grunna veret. Lett galoppering opp grusvegen til vi i rett sving leita etter sti til Lyfjellet. Høgt gras gjorde jobben vanskelig så vi tok kurs opp lia og baska oss på fuktig natur mot varden. Lett å finne, kjapt gjort når ein fin ein ok veg opp. Brått gjort M meg var på at vi måtte ein ny tur på Kaldåskniba då ho ikkje hadde vore der og hadde just satt seg mål om 100 kommunetoppar. Så tilbake på grusvegen >>>

Map    

Herkelås, Tjøme

Date:
01.08.2018
Distance:
17.5km

Etter tur med Bastøferga frå Moss til Horten vart Tjøme sett på som eit svart hol etter endring av høgste punkt, no til Herkelås. Vi køyrde nedover, fann lett avstikkaren etter Tønsberg og inn på parkeringsplass. Tjapt så vi skilt om paintballaktivitet, men også skilt til ei hole i fjellet, sjølvaste Herkelhula. Vi fulgte denne 10-12min til hula som var litt smårtig, her har det nok skjedd mykje moro. Det er mogleg å buldre rett opp om berget er tørt, men vi gjekk litt attende før det bar opp mot toppen. Brått kom vi over ein heftig paintballpark, men lukkeleg var det ingen som fyrte av måling i vår retning (eller andre retningar). Rett aust for banen var sjølve toppen, her tok vi bilete og gjekk litt vidare søro er for å sjå på utsikta. Det var ekstrem tørt her oppe, >>>

Map    

Rambergåsen, Moss

Date:
01.08.2018
Distance:
1.2km

Etter kjekt vennebesøk i Moss og ein sjeldan runde på svenskehandel rakk vi ein kjapp kommunetopp før ferga til Horten. Vi tok parkeringa ved Ramberg gravplass vha gps og stoppa der ein ikkje kunne køyre lenger. Her var det lett rusling til toppen via nordenden av tjernet. Vi brukte bevisst ikkje sporing, men trudde masten vi såg frå parkeringsplassen var toppen. Det var den ikkje. Skiltinga var litt ufin rett før åstoppen så vi surra litt fram og attende før eg sjekka med PB-appen, den var just i nabolaget! Ingen utsikt, eit par kjappe bilete, før tur den andre vegen ned att påsørsida av tjernet. Ein augestikkar der var einaste vesen på turen, sett bort frå ei jente med crossfit t-skjorte. Så var det rett ned til Bastøferga og på veg mot den korrigerte toppen til Tjøme og >>>

Map