Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Hedmarstriangelet

Date:
31.07.2018
Distance:
19.5km

Frå Valdres kom vi litt seint via Spåtinn så vi bestemte oss å overnatte på Åkersætra i staden for Dnt sin flett nye Øyunghytta som hadde innebært telt og styr opp på kvelden (den var booka) og litt ekstra omveg. Det var eit sjakktrekk! Ingen var på Åkersætra, men vi foretrakk teltet i staden for hytta til overnattinga. Her opplevde vi eit sirkus av ein elgleik med kraftig rauting og baluba i 2-3timar, rett utanfor teltet. Vi frykta ein stund for besøk. Anbefalt oppleving i dei Hedmarkske skogar. Vi drog så opp til PBE – parkering ved Øyungen hyttefelt og parkerte her og vandra opp grusvegen og inn på sti. Det var unødig, her var det berre å køyre opp til hyttefeltet og mange gode parkeringsplassar her. Vi valgte triangelet via Tuva først for å få god oversikt over heile >>>

Map    

Spåtind, Etnedal

Date:
30.07.2018
Distance:
12.0km

Etter flotte Utvikdagar etter flaumen i fjor satt vi kursen over Strynefjellet, til Bakeriet i Lom, over Valdresflya og til topptursamlar Bigmob med frøken. Mykje moro fjellsnakk før vi dagen etter hadde best oss for ny tur til Lenningen, men denne gangen austover i staden for vest (mot Djuptjernkampen). Vi valgte lettaste trasé frå Feplassen og lunta oppover i grei vind, men med fin temperatur. Dagens flottaste møte var med 19 hestar av alle slag, nysgjerrige, men respektkrevande. Cowboytida må ha vore malerisk… Etter gode 1,5 timar kom vi til tops, fann ly bak militærbygg og fekk oss litt mat og preika med ein danske før vi tok toppbileta og rusla ned att. Veldig tørre tjern, daude lemen, overskya, men med ein del utsikt – I det store ein grei og lett tur på gode stier for alle >>>

Map    

Ceciliekruna, Stryn

Date:
26.07.2018
Distance:
8.8km
Map    

Råna, Sykkylven (Ørsta)

Date:
23.07.2018
Distance:
13.7km

Planen var eigentleg Blegja i Askvoll, men med dårligare verutsikter sørover var det cirka like langt til Urke frå BC Utvik, omtrent 2 korte timar køyring utan fergje. Vi starta kl. 1100 frå Haukåssetra (50 kr i bompenger, kontant!) i superlett skydekke og på god sti. Blåbær og krekling, kyr og sau og fin trasking oppover. M hadde med stavar, men med tett sti og mykje er det lite bruk for desse på denne turen (kanskje 1 vandrestav i staden?). Små avstikkarar, men stort sett rett på sti og etterkvart sva og litt ymse 'T'-merking. Vi skjønte ikkje heilt skiltet i nede "Råna 4,0 km" kor det var skilta til (lenger til topps). Med tørke i lang tid gjekk det fint opp til skaret og vidare opp ur til Regndalstindeggen. Her vurderte eg det som litt luftig til i nord (venstre) >>>

Map    

Zugspitze, Tyskland

Date:
02.07.2018
Distance:
14.9km
Map