Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Vermedalen til Søre & Nørdre Vermehøa

Dato:
28.09.2025
Turlengde:
3:49t
Distanse:
13,5km

Sett fram til å nyte desse haustfargane i desse fjellområda! Ein virkelig staselig fjelltur med nysnø på toppane! Liker veldig desse kontrastane! Fleire jaktlag i området med rype som fokus! Sjølv opplevde eg nesten ei total stille av fugleliv under turen. Men, det var ei rype som flaug opp då eg returnerte ned igjen ifrå Vermevatnet. Eg tenkte det var jaggu godt at du slapp unna! Fordi på veg opp til Vermevatnet, gjekk det av seks skudd. Under toppen av Søre Vermehøa 1600 moh var det dags ferske Jervespor i nysnøen. Det kjennast stort & uansett er det staselig å sjå spora etter anna liv når ein ferdast i naturen.

Storaksla - Rauma

Dato:
27.09.2025
Distanse:
3,9km

Fin beinstrekk i nydelige haustfarger!

Kart    

Blånebba ilag med den finaste! Eg vil sjå tinder!

Dato:
21.07.2024
Distanse:
5,4km

Miriam ville på tur og sjå tinder ho hadde tanker om. Det varmer eit mors hjerte. Vi hadde ferie på samme tid og hadde tenkt dager ilag mot slutten av ferien. Bruce Springsteen måtte vike denne gangen mot Miriam sitt ønske. Men, han var likevel med oss :) https://www.youtube.com/watch?v=fIXRW6gF4hQ Vi hadde fjellet og ei total stille for oss sjølv. :)

Heftige linjer!

Dato:
07.05.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:24t
Distanse:
11,0km

Etter overnatting ved Hustadvika. Gjekk morgenturen opp på Raudtua før lunsj besøk i Molde hos systra mi Barbro og Kevin med dei to jentene Selma og Leona. Spennande med det nye husprosjektet deira i Molde. Kevin som er ifrå Utah, ser ut til å trivast godt i dei norske fjella her som der han har budd og levd heime i sitt fjellrike, som bla. ein erfaren klatrer og ski instruktør. Kjekt at dei har valgt å flytte heim hit til stor glede :) Etter besøk ville eg oppom Julaksla, den var nesten snøfri. Nokre snøfonner igjen. Vidare litt usikker på kor ferden skulle gå. Etter siste tur på Bjørnlihaugen var det begynt å bli litt seint. Funderte litt på kor camping natt og neste dags tur i godveret skulle gå! Sende melding til ein kjenning og lurte på kor var det snøfritt for bilcamp! >>>

Kart    

Puttegga ++ Rauma/Tafjordfjella/Skjåk/Fjord

Dato:
22.07.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:45t
Distanse:
23,4km
Kart    

Mot Nesaksla / Åndalsnes

Dato:
29.02.2020
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,9km

Beinstrekk må til i hærleg ruskevær! Måtte snu under toppen denne gangen. På nedtur lengre nede i lia var det å treffe på ein svenske av ein kar med fotoapparat. Føret var ikkje av det beste slaget i mjølen, føyka nysnø og isete underlag lengre oppe! Vart stoppa på nedtur, han var overbegeistra over naturen her og han lurte på kor langt det var igjen opp til Rampestreken! Han kunne fortelle at han var i dårleg form, men ville prøve å nå målet sitt likevel. Noko som ringer positivt i øyre og hjerte innan folkehelse. Ein godfølelse medan eg lytta til engasjementet til denne karen. Hadde den tenkte gondolbana vore på plass! Er spørsmålet kva hadde han valgt då!! Det får eg vel mest sannsynlegvis ikkje svar på.. Ellers triveleg å stikke innom på besøk i forbifarten >>>

Kart    

Storgrovfjellet 1629 /Rauma

Dato:
21.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:13t
Distanse:
9,4km

Kart    

Husnebba/Rauma

Dato:
19.08.2019
Turtype:
Løpetur
Distanse:
9,3km

Kart    

Skarven & Bolfjellet/Rauma

Dato:
18.05.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:16t
Distanse:
8,4km

Kombinert fot og løpstur! Noko ymse snøføre på enkelte stader og gjennomslagsføre. Så greit å bruke ro og vett i desse partia, tar ingen sjanser igjen!!

Kart    

Fin trening og kveldstur til Moanebba/Rauma - 17 Mai

Dato:
17.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,5km

Etter ein nydelig start på dagen med frukost på Eikås. Ein tur oppom Festøykollen på Sunnmøre, undervegs til Romsdalen. Vart det jammen ein strålande fin avslutning på dagen med trimtur ilag med Jan Petter. Ein nytelse å reise gjennom Jølster, Sunnmøre og til Romsdalen i eit sånt ver. Den staute gode melodien: Norge i rødt, kvitt og blått! Fargar sinnet, ein sånn dag... https://www.youtube.com/watch?time_continue=8&v=O5K803eg6qE Takk Jan Petter for ein fin treningstur

Kart