Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Kyrkjetaket & påskestemning i Rauma!

Datum:
29.03.2026
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
14,2km

Etter fin tid ilag med Barbro til fjells og på tur i Molde! Gjekk heimturen via Kyrkjetaket! Fint å dra på med joggeskoa opp til parkeringa ved Kavlisetra for så å bytte om til telemarkskoa! Nokre få i forkant mot toppen! For eit fantastisk ver & eit legendarisk skiforhold! Berre å nyte morgenstunda og øyeblikka! På heimtur var det påskefjell med god stemning! :) https://www.youtube.com/watch?v=LROnjfhnZMo&list=RDLROnjfhnZMo&index=1

Karte    

Vermedalen til Søre & Nørdre Vermehøa

Datum:
28.09.2025
Tourlänge:
3:49h
Entfernung:
13,5km

Sett fram til å nyte desse haustfargane i desse fjellområda! Ein virkelig staselig fjelltur med nysnø på toppane! Liker veldig desse kontrastane! Fleire jaktlag i området med rype som fokus! Sjølv opplevde eg nesten ei total stille av fugleliv under turen. Men, det var ei rype som flaug opp då eg returnerte ned igjen ifrå Vermevatnet. Eg tenkte det var jaggu godt at du slapp unna! Fordi på veg opp til Vermevatnet, gjekk det av seks skudd. Under toppen av Søre Vermehøa 1600 moh var det dags ferske Jervespor i nysnøen. Det kjennast stort & uansett er det staselig å sjå spora etter anna liv når ein ferdast i naturen.

Storaksla - Rauma

Datum:
27.09.2025
Entfernung:
3,9km

Fin beinstrekk i nydelige haustfarger!

Karte    

Blånebba ilag med den finaste! Eg vil sjå tinder!

Datum:
21.07.2024
Entfernung:
5,4km

Miriam ville på tur og sjå tinder ho hadde tanker om. Det varmer eit mors hjerte. Vi hadde ferie på samme tid og hadde tenkt dager ilag mot slutten av ferien. Bruce Springsteen måtte vike denne gangen mot Miriam sitt ønske. Men, han var likevel med oss :) https://www.youtube.com/watch?v=fIXRW6gF4hQ Vi hadde fjellet og ei total stille for oss sjølv. :)

Heftige linjer!

Datum:
07.05.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:24h
Entfernung:
11,0km

Etter overnatting ved Hustadvika. Gjekk morgenturen opp på Raudtua før lunsj besøk i Molde hos systra mi Barbro og Kevin med dei to jentene Selma og Leona. Spennande med det nye husprosjektet deira i Molde. Kevin som er ifrå Utah, ser ut til å trivast godt i dei norske fjella her som der han har budd og levd heime i sitt fjellrike, som bla. ein erfaren klatrer og ski instruktør. Kjekt at dei har valgt å flytte heim hit til stor glede :) Etter besøk ville eg oppom Julaksla, den var nesten snøfri. Nokre snøfonner igjen. Vidare litt usikker på kor ferden skulle gå. Etter siste tur på Bjørnlihaugen var det begynt å bli litt seint. Funderte litt på kor camping natt og neste dags tur i godveret skulle gå! Sende melding til ein kjenning og lurte på kor var det snøfritt for bilcamp! >>>

Karte    

Puttegga ++ Rauma/Tafjordfjella/Skjåk/Fjord

Datum:
22.07.2021
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:45h
Entfernung:
23,4km
Karte    

Mot Nesaksla / Åndalsnes

Datum:
29.02.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,9km

Beinstrekk må til i hærleg ruskevær! Måtte snu under toppen denne gangen. På nedtur lengre nede i lia var det å treffe på ein svenske av ein kar med fotoapparat. Føret var ikkje av det beste slaget i mjølen, føyka nysnø og isete underlag lengre oppe! Vart stoppa på nedtur, han var overbegeistra over naturen her og han lurte på kor langt det var igjen opp til Rampestreken! Han kunne fortelle at han var i dårleg form, men ville prøve å nå målet sitt likevel. Noko som ringer positivt i øyre og hjerte innan folkehelse. Ein godfølelse medan eg lytta til engasjementet til denne karen. Hadde den tenkte gondolbana vore på plass! Er spørsmålet kva hadde han valgt då!! Det får eg vel mest sannsynlegvis ikkje svar på.. Ellers triveleg å stikke innom på besøk i forbifarten >>>

Karte    

Storgrovfjellet 1629 /Rauma

Datum:
21.08.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:13h
Entfernung:
9,4km

Karte    

Husnebba/Rauma

Datum:
19.08.2019
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
9,3km

Karte    

Skarven & Bolfjellet/Rauma

Datum:
18.05.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:16h
Entfernung:
8,4km

Kombinert fot og løpstur! Noko ymse snøføre på enkelte stader og gjennomslagsføre. Så greit å bruke ro og vett i desse partia, tar ingen sjanser igjen!!

Karte