Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vest for Åsabotnen 1206 moh - Modalen

Datum:
08.11.2025
Entfernung:
7,3km

Fint å overnatta her oppe ved nesten startutgangspunkt. Nydelig med ein stjerneklar nattehimmel og skodde som kom trolsk. Det var meldt lettskya og sol for turdagen. Men, skodda låg og det vart å navigere etter gps. Fiin tur ilag med Inge

Karte    

Stussfjellet - Lindås - Ein skal aldri ta noko for gitt!

Datum:
07.11.2025
Entfernung:
2,9km

Stussfjellet høyrast stusselig ut! Men, du verden for ein fin fjelltur med haustfargar, kveldslys kombinert med skodde og solnedgang. Ein skal aldri ta noko forgitt! Stussfjellet og Stussdalen! Skal tru kva som ligg bak desse steds navna!!? Kjekt å få nyte ein solnedgang ifrå fjelltoppane! Fin tur ilag med Inge

Karte    

Svartetjørnfjellet & Lauvtonipa - Masfjorden

Datum:
20.10.2025
Entfernung:
7,7km

Fekk ein følelse av "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" programmet ifrå denne turen og ifrå dette området :) Vi traff på grunneigaren som var ei sprek, koseleg og ei tøff dame i 70 åra som budde no åleine på garden. Ho forsto ikkje heilt kvifor det kom så mange besøk oppom fjella med utgangspunkt ifrå garden. Vi forklarte om nettstaden peakbook og om fjell/primærfaktor samling for Hordaland & Vestland fylke. Det gav meining for grunneigaren:) Vi måtte berre parkere på start utgangspunktet, så lenge det ikkje foregjekk arbeid der. Ho sette pris på at vi spurte om lov. Vidare var det stas å høyre ifrå den spreke grunneigaren om naturområdet, historia og støylsstien som vart vårt utgangspunkt for ein rundtur til Lauvtonipa og Svartetjørnfjellet. Fin >>>

Karte    

Vardafjellet- Vaksdal

Datum:
05.05.2025
Entfernung:
5,3km

Følgde skogsveg som gjekk over til merka sti!

Karte    

Vestrefjellet - Vaksdal

Datum:
05.05.2025
Entfernung:
3,0km

Starta med å følge ein skogsveg. Såg ingen tydlige stier å følge! Så, vi valgte berre å trakke oss oppover mot toppen ifrå dette utgangspunktet.

Karte    

Hestfjellet - Masfjorden

Datum:
31.03.2025
Entfernung:
2,3km

Karte    

Møsnuken i Os - Ein fin utkikstopp!

Datum:
11.03.2025
Entfernung:
9,1km

Etter ein tur oppom Hjortåsen i godværet! Var det fint å ta ein løpstur opp på Møsnuken på veg heimover mot Jølster. Ganske stor parkering, med ein tilrettelagt grusa sti som utgangspunkt. Valgte sti ruta vidare opp ryggen, istadenfor stien inn dalføret. Det er nok ein svært populær topp med vid og flott utsikt. Ein del folk å treffe på tur, også i ein ganske så trakka sti. Litt bratt oppover første rygg og sidan slakk, lang og fin rygg mot topp punktet. Stien var ganske våt og noko sleip etter mykje nedbør. Ein superfin topp å like! :)

Karte    

Hjortåsen - Bjørnafjorden

Datum:
11.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
2,1km

Karte    

Steingilshøgda- Budalsfjellet- Klovfjellet

Datum:
10.03.2025
Entfernung:
13,1km

Dette vart ein skikkelig lav puls tur etter som veret var ganske så grått og terrenget var metta av vatn. Fin daffetur som gjorde godt :) Det var eit turområde med mange godt merka stier!

Karte    

Lyshornet - Os i Hordaland

Datum:
09.03.2025
Entfernung:
5,1km

https://snl.no/Lysekloster

Karte