Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Skåla opp 2022 - Siste løpet! Stryneskåla

Date:
13.08.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
16.4km

Sidan det var det aller siste løpet på Skåla opp! Vart det bestemt tidleg at dette måtte ein være med på for nostalgien. Sjølv om ein så skulle melde seg på i mosjonistklassa og være heiagjeng til eit flott løp i sjølvaste nasjonalparken. Det har vore 20 løp totalt! 2 løp har avslutta ved Skålavatnet. Eg sjølv har delteke på 8 av dei motbakkeløpa med den eine ei avslutning ved vatnet. Skåla var "debyen" i mitt første motbakkeløp i 2011. Det har vore staselig å følge med og blitt kjent med mange av dei trivelige folka i eit flott motbakkemiljø som er veldig inkluderande i alle aldrer. Kjekt å avslutte med 3 plassering og pall på det siste løpet. Sist gang slo eg Anita Håkenstad og denne gang slo ho meg. Men, ho har ei rå tid på kvinne persen. Hatten av...:) >>>

Map     2 comments

Kveldstur til Kvannebakkbu i Jølster

Date:
29.07.2022
Characteristic:
Hike
Distance:
11.5km

Inger og Jarle med borna var heime på garden her på Rabben i Sanddalen nokre veker på sommerferie. Svinga nett heimom eit par dager i ferien etter reise og rakk litt tid ilag med dei. Før vi farta vidare til Kalvåg for å feire Espen sin forsinka 30 års gave. Kjekt å få ein sommerdag med fin felles grille middag ilag med fleire gode naboer. Eg og Inger fekk etterpå ein nydelig fin kveldstur ilag på Kvannebakkbu. Første gang Inger har vore der oppe! Ekstra stas då at veret og staden bydde på sitt vakre og gjestmilde slag! Hadde ikkje vore oppe på Kvannebakkbu sidan turen eg og Joar hadde ilag den 20 mai 22. Ein tur på Grensevarden og for å sjå til at alt sto bra til med nødbua og for ei arbeidsliste framover. Så glad for at Joar er ein av dei som skapte denne nødbua. https://peakbook.org/tour/460887/%22Ein+like+stor+opplevelse%22+Jostedalsbreen+-+Grensevarden%21.html

Map    

Røkyjedalsbreen - Luster/Jostedalsbreen

Date:
21.07.2022
Distance:
20.7km
Map    

Bjørga - Jølster etter strålande langtur ifrå Jostedalen

Date:
07.06.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:56h
Distance:
16.3km

Sidan vi var litt late idag etter gårsdagens tur! Valgte vi køyre opp til øverste parkering med ny bompenge sats kr 70,- Etter gårsdagens strålande tur til Skruklebreen, Tverradalsbreen mot Vest for Tunsbergdalsbreen ifrå Leirdalen i Jostedalen. https://peakbook.org/tour/462738/Walk+in+the+park%21+N%C3%A5r+mil+blir+til+smil%21+Jostedalsbreen%21.html Det vart likevel tidleg opp etter heldigvis noko betre søvn i teltet etter langturen. Kokte kaffe og åt frukost med gryn og yoghurt før telt og utstyr vart pakka raskt ned. Johan var innstilt på å svippe turlasset mitt heim til Jølster :) Bilen var eg litt usikker på om den var køyreklar etter kjølevæske havariet! Kl 08.30 i Sogndal ringde eg til Toyota på Kaupanger som kunne fortelle at bilen var god som ny. Berre å hente den! Då var allerede dagens plan lagt på tur i Jølstrafjella i godveret. Så både turlass, bil og Johan enda >>>

Map    

Walk in the park! Når mil blir til smil! Jostedalsbreen!

Date:
06.06.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
14:09h
Distance:
52.8km

Sogn & Fjordane er historisk eit fantastisk fylke, og fortsatt er det "mitt" finaste fylke med Jostedalsbreen som ein stor del av fylket. For to år sidan vart Sogn & Fjordane og Hordaland slått sammen til eit storfylke som no heiter Vestland. Vestland er ikkje idag med på fylkeslistene som ei samleliste. Ein kan samle etter 100 pf Sogn og Fjordane eller Hordaland. To også gamle fylker og lister som eg virkelig håper blir freda som samlelister. Det er viktig å ta vare på og respektere historia og mangfaldet med tilhørigheit for den enkelte på ein respektfull måte. Det er som med alt anna! :) Dette er ein tur eg har hatt i tankane eit par år. Men, ved husbygging og mykje jobbing! Så har turen blitt utsatt til dei rette forholda. Det er ein tur utan tvil enklare å >>>

Map     7 comments

"Ein like stor opplevelse" Jostedalsbreen - Grensevarden!

Date:
20.05.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:19h
Distance:
35.5km

"Hvorfor skulle ikke hestehoven som spretter opp i grusen utenfor inngangsdøren kunne gi en like stor opplevelse som en palme på en strand i indonesia eller en saxifraga oppe i Jotunheimen" Arne Næss Denne dagen kom og vart etter ein rimelig rask beslutning etter ver. Det fine gamle vennskapet var også førstespørsmålet med som turfølget mitt denne dagen i strålande ver. Ein tur og eit turfølge som hadde og har stor betydning for meg personlig. Den personen som viste meg nærfjella i Jølster, deriblant det første 2K fjellet mitt, Store Austanbotntinden for så vidare rett avgårde til Marietinden og inspirasjon til andre større fjell som Aconcagua i Sør Amerika med så mykje meir. Snakk om å formidle den fine arven til den rette sjela :) Takk for at du var turfølget >>>

Map     5 comments

Tortnegrøegga i det beste lag! - Jølster/ Jostedalsbreen

Date:
06.04.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:30h
Distance:
10.3km

Eit av favoritt områda og ein kan seie kortreist eventyr lykke! Ei stund sidan tur ilag med Brit Siv. Og det var superfint å være på tur ilag igjen no :) Det har vore ekstra mykje jobbing for min sin del, med langvakter og ekstravakter i desse 3 mnd på nyåret. Men, det gir meg så mykje meir fritid til tida og året framover til hærleg turliv. :) Inge, Jomar og Mariann var også med på det ein faktisk kan kalle ein legendarisk tur til Tortnegrøegga. Det i tidenes pudderføre ifrå bunn til topps med ein like legendarisk solnedgang i eit særdeles ypperlig lag! Kan det bli betre!! :)

Map    

Grovabreen byr på sitt mest excellente i godt selskap! :)

Date:
01.04.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:23h
Distance:
19.5km

Meldt fantastisk fint ver! Begge har fri og Inge har lenge hatt lyst på turen til Grovabreen. Det var ikkje mykje meir å lure på då :) Ein sånn dag i klarver og det skulle vise seg å være eit legendarisk silkeføre på ski heile turen. Då er ruta via Salsegga inn på Grovabreen ein innertier for utsikt og som ein fin rundtur. Har tidlegare tre fantastiske turer spesielt i minne av fleire turar til Grovabreen. Første turen min var ilag med Joar Eide herifrå Jølster som har inspirert meg til akkurat dette høgfjells livet. Sidan ein unik høgvintertur ilag med Stein Aasheim og Brit Siv Fimland ein 1 Nyttårsdag. Deretter ein strålande føringstur ilag med Torje Bjellaas & Brit Siv Fimland med mange fine element. https://peakbook.org/tour/303258/Grovabreen+ifr%C3%A5+J%C3%B8lster%21+Tur+med+heimelaga+bj%C3%B8rkeski....html Så Grovabreen betyr mykje for meg og gir mange fine minner som >>>

Map    

Myklebustbreen på langs! Jostedalsbreen Jølst/Gloppen/ Stryn

Date:
21.03.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:26h
Distance:
30.2km

I ei langvakts helg på jobb, var det ikkje fritt for at fokuset mitt dvelte på godeveret som var av den største SOL søndagen nokon gang! Eg prøvde sjølvsagt å tenke på alt anna, enn at eg kunne trakke vilt rundt på tur i godveret etter dei ekstra fine opplevelsane! Noko som ein virkelig lengtar heile livet etter, så langt innerst inne i sjela! Det kunne kjennast ut som om blodsukkeret var komt langt under skosålen! Det fantest ingen hindring, som kunne stoppe meg for å komme meg ut på tur i høgda på første fridag. Samtidig så setter eg umåtelig pris på denne kombinasjonen ved å være på jobb og kunne bidra til fellesskapet, for så å gjere mine ting som trening og friluftsliv på fritida. Det er eigentlig ei god likning på eit godt liv hos meg. Denne turen måtte være >>>

Map    

Snønipa! Jølster/Gloppen/Jostedalsbreen - Bauta i godt lag!

Date:
15.03.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
20.1km

Nokre av dei beste turane er dei som ein berre tenker og som ligg der i underbevisstheita! Dit blir det idag! Hadde selfølgelig sjekka veret og visste at vinden kunne bli litt hard der oppe! Men, det satte ingen hindring i lysta til oss tre. Ein telefon til Joar og han var ikkje tungbedt til å være med. Joar har nok komt ut av telling på turer i desse fjellområda gjennom eit langt fjell liv. Joar er skuld i at eg har den dragninga til dette fjell livet. Inge hadde ikkje vore på toppen av Snønipa, og har tenkt på den i lange tider! Joar hadde nok samme tanken som eg. No lengter eg etter turen til Snønipa og breen. Det er spennande å følge med på forandringane i isbreen her. Det skjer forandringer i nedsmeltinga på kort tid! Takk for ein dag i mektige omgivelser Joar og Inge. Tida >>>

Map