Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

17 Mai feiring på Sandfjellet

Datum:
17.05.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:09h
Entfernung:
10,3km

Stas er det å kunne feire ein sånn dag i fredfull og vakker natur! været var vekslande ifrå regn, tjukk skodde, snøbyger og tilslutt strålande sol. Fleire kom til på toppen medan vi var pynta i skjønn forening av festdrakter. Eg og Brit Siv hadde då Sunnmørs og Sunnfjordbunad. Dei andre bar drakter som Norrøna og Bergans. Eit vakkert skue med alt tilbehør av søljer og Gore-Tex

Ymse feiringar....på Sandfjellet i Naustdal/Førde

Datum:
24.04.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
16,0km

Nydeleg dag, eg skulle ha vore turleiar på Kvannebakkbu i Jølster og Jostedalsbreen denne dagen. Men pga "dårlegare" meldingar og ei viss skredfare valgte vi å avlyse den turen. Eg var selfølgeleg glad for å farte på min egen tur ilag med gode venner. Eg plukka Brit Siv opp og vi susa til Sandfjellet og det var ikkje heilt tilfeldig...fordi det er då Brit Siv sitt fjell og ho skulle feire sin skitopp nr 100 denne dagen av sesongen. Eg skulle feire at eg var blitt eit år eldre...ikkje så stas!!! Men tur er tur og ein fest i livet kvar gong, i selskapet vårt hadde vi med Ingvald Kvåle og Eivind Tjønneland

Karte    

Slettheia, Gloppen/Naustdal

Datum:
31.03.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
10,4km
Karte    

Førde/Naustdal-Krunene 1066 moh

Datum:
16.03.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:25h
Entfernung:
10,9km

Lise er i Førde i vekene framover og kjekt å få til nokre fellesturar :) Nydelege dagar har det vore og høge dagtemperaturar. Dermed er det no særdeles interessangt føre ute å går!! Vi starta å gå ifrå Kvål rundt kl 16.00 og det frys fort til. Eigentleg for min sin del eller rettare sagt for begge så burde vi kanskje holde oss unna eit sånt flatbrødføre ei lita stund til framover. Men strøtne og eit kvart anna som ikkje skal nevnast høgt "lir" vi vel begge av og så ille at eg burde vel ikkje skrive om det ein gong!! Oppover gjekk det strålande og vi rakk solnedgangen på toppen. Å starte ifrå Kvål er absolutt ein fin variant å gå, berre passe på å parkere nede ved vegen. På veg nedover er det frose, berg og dalbane og det blir nesten ploging heile vegen >>>

Karte    

Kallandsåsen i Naustdal

Datum:
01.09.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,9km

Starta ifrå Skulen på Kalland, følgde skogsvegen så langt opp som den går. Vidare går den over til sti nesten heilt til topp`s

Karte    

17 Mai feiring på Sandfjellet i Naustdal

Datum:
17.05.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
10,3km

Brit Siv innviterte med på tur til sitt fjell, Sandfjellet i frå Naustdal sida. Gjekk berre nokre få 100 m og vi kunne spenne på skia, mykje snø ligg endå att på 400 moh innerst inne i Naustdalen. 17 Mai må jo feirast med stil til og med på ein fjelltopp :) Fin tur ilag med Brit Siv Fimland, Ole Fimland, Marion Lexau Nødset

Blånipa 1121 m i Gloppen/Naustdal

Datum:
02.02.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
4:13h
Entfernung:
15,4km

Karte    

Nydeleg kveld på Sandfjellet 1249 moh

Datum:
21.01.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
9,0km

Ferdig på jobb og heimom ein snartur for å hente ski sekk.....nydelege dagar og vett til å bruke ledig tid til nydelege vinteropplevelsar i godt selskap :) Parkerte ved Indrebø gard, og følgde Tverrelve-botnen opp eit stykke. Kryssa elva og gjekk aust ryggen bratt opp langs ved "Pegilgjelet" Gode forhold denne dagen, men kan vere eit ras utsett område mot Sandfjellet. Vi hadde bestemt oss for å bruke ettermiddag/kveld for å nyte natur og fotografering. På toppen kl 18.00 uten hodelykt, fantastisk stjernehimmel og nordlys. Britt Siv og Ina skulle rekke eit møte i kajakk klubben, så me brukte ikkje lengre tid på toppen før vi starta heimturen i eit fantastisk nedrenn, silkeføre og puddersnø :) Takk for ein minnerik turopplevelse Brit Siv og Ina Bruland

Karte    

Grønlifjellet 1385 og rundtur i grensefjell

Datum:
17.10.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:54h
Entfernung:
23,2km

Nydelege haustdagar og fine forhold i fjella, litt versnu etterkvart var det meldt og kanskje siste sjanse til å gå til fots uten snø. Sekken var pakka og klar for å komme seg raskt avgårde etter jobb, mørkna fort om kveldane no etterkvart. Tok av frå E-39 ved Ålhus og køyrer heilt inn i dalen til bom ved Indrebø, i dag kr 30,- Parkerte ved skilt Lanskapsvernområde og "veg stengt" skilt, det er ein grunn for det skiltet...! Enkelte grunneigarar køyrer med presisjon heilt opp på Gotdalsstøylen. Tok av frå Brekka over elva, vidare ein delvis trakka og turmerka sti opp Ålhusdalen. Gjekk rett opp ryggen og svaene til toppen av Sykarnipa. Fint å sjå heile ryggen og runda herifra, eit ganske vilt og flott område. Fekk med høgdene 1280 og 1255 før bratt nedstigning mot >>>

10 Trimpostar i Jølster

Datum:
24.08.2014
Tourlänge:
15:00h
Entfernung:
63,0km

Hadde bestemt meg for å finne høgde, tid og distanse på årets trimpostar i løpet av dagen, pluss eit ekstra punkt Langeheia 1240 moh som ikkje var med på trimpostlista. Kjempefin dag med litt variabelt ver..men stort sett fint var det. På ettermiddag og kvelding kom skodda litt sigande til og ifrå. Det hadde regna noke, så det var ganske sleipt i tur stiane.. Eit uhell hadde eg i farta på veg ned frå Longevasshytta og til P. plass ved Legestøylen. Tenkte medan eg var på full fart ned att..her må eg ta det litt med ro!! Hadde ikkje før tenkt tanken og uhellet var eit faktum, der låg eg på magen. Eg landa etter eit svev i lufta med gps i handa, skrubba leggen og handbaken i eit bra kjøtt sår (ikkje grodd heilt endå) Lufta gjekk nok ut av meg for alle beitedyra rundt, sto og >>>