Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Eikåsnipa

Dato:
15.10.2024
Distanse:
5,2km

Kjekt å kike innom støylen på tur til Eikåsnipa idag. Espen har rydda og ordna fint med ny gammal Jøtulovn og fått nye finesser på støylen :) Så no blir staselig å overnatte der oppe. Litt snø igjen mot toppen av Eikåsnipa og enkelt byger med lett regn idag.

Kart    

Vardebrenning mot vindturbiner & Gondolbane i Kjøsnesfjorden

Dato:
08.10.2024
Distanse:
3,2km

Kampen fortsetter... https://peakbook.org/tour/490542/Vardebrenning+for+Sn%C3%B8heia+%26+naturen%21.html Ein kjenner seg liten i kampen for å ta vare på naturen i eit jag av eit konfortabelt liv! Det var dagen for nasjonal vardebrenning & markering mot vindturbiner i region Snøheia -Sunnfjord & Høyangerfjella. Og eigentleg resten av Natur Noreg. Men, det gjelder ikkje berre vindturbiner! Det gjelder også blandt anna Gondolbane i Kjøsnesfjorden som ligg inntil Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ein kamp sidan 2013 i gamle Jølster kommune. Det er så latterlig at ein igjen måtte ta ein sånn kamp med politikerane i "Nye" Sunnfjord kommune og andre innstanser. Det vil ingen ende ta, med dei meiningslause utbyggingane i ein verden som står på randen av stupet i uenighet, i alt for hurtig klimaforandringer som viser til menneskeskapt naturkaos, egoisme, kapital, >>>

Haustleg på Halvgjerda

Dato:
04.10.2024
Distanse:
6,7km

Endelig ein inneklemt fridag som må nytast i fulle drag! Fin åleinetur før eg med fryd skulle hente Lale til tur på Hamnanova. https://peakbook.org/tour/562056/Lale+p%C3%A5+Hamnanova%21+Ein+treng+ikkje+gondol+i+dette+riket%21.html

Kart    

Eikåsnipa i sol før vakt!

Dato:
01.10.2024
Distanse:
5,2km

Hærleg med tur i godveret før arbeidsvakt og ikkje minst fortsette å nyte ein klar stjernehimmel til seinkvelden. Magisk å sjå stjerneskudda suse over nattehimmelen.

Kart    

Nyken

Dato:
30.09.2024
Distanse:
3,8km
Kart    

Eikåsnipa

Dato:
29.09.2024
Distanse:
5,2km

Vinterland ifrå Øvsttunstøylen på Eikås

Kart    

Grånibba & Såtefjellet

Dato:
27.09.2024
Distanse:
5,4km

Bomveg og pr dags dato bør ein kanskje ha høgre klaring på bil, som utifrå mitt start utgangspunkt og sporlogg. Tur før kveldsvakt! Snøfnugg i lufta mot toppen! Delvis og stykkvis på sti! På veg opp gjekk eg av stien nede ved granene og trakka mitt eige spor opp mot toppen.

Kart    

Orkja - Jølster & framtidsfryd!

Dato:
26.09.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,2km

Dette motivet innover Kjøsnesfjorden. Tenk om det kunne få være sånn til neste generasjon! Men, eg kan trygt fortelle mitt barnebarn at eg har kjempa kamp mot Gondolbane sidan 2013 i gamle Jølster Kommune ilag i starten med ein kamerat som hadde fanga dette opp endå litt tidlegere! Etterkvart fekk vi med fleire! Ei lita kvile og ei stille om planane, inntil Jølster vart ein del av den nye Sunnfjord kommunen. Då kom planane fram igjen med full styrke! Med ivrige nye påverka kommunepolitikere med lite forstand for det store bildet, historia og klima avtrykk til det "grøne" skiftet i noreg og på verdensbasis. Ca 2,5 millioner kroner har Sunnfjord kommune kosta utgreiing til fyrtårnet Gondolbane i Jølster inn i mot Jostedalsbreen nasjonalpark og det til nokre menn på Skei >>>

Kart    

Kvalitetstur til Nyken - Lek er fryktelig fint!

Dato:
21.09.2024
Distanse:
3,9km

`Lek er fryktelig fint, vi leker for lite.` Arne Næss Alltid goe ord i mitt hode på tur og i livet! Hærleg tur ilag med Miriam og Kenneth etter jobb til Nyken!

Kart    

Vintersjekk til nødbua ved Jostedalsbreen!

Dato:
14.09.2024
Distanse:
11,0km

Då var tida inne for å ta vintersjekken på nødbua Kvannebakkbu! Som er ei stor glede kvar gong! Hadde med diverse og meir fuel til ovnen. Veldig kjekt å ha med Brit Siv og Ingvald på turen idag! Superfin tur også ilag med èin gryande kong vinter i emning!

Kart