Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Eikåsnipa

Datum:
03.12.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km
Karte    

Olahansfjellet/Jølster

Datum:
02.12.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:41h
Entfernung:
11,0km

Etter strålande dagar, måtte det komme litt mildver! Brit Siv har starta sesongen med å rapportere inn skredobservasjoner. Har vore med på mange nok av dei turane og veit også at det tek si tid. Så eg pakka ned rikelig med kle, sidan eg også sannsynlegvis er den største frostpinnen som finnast!! Temperaturen var idag -1 i Førde og -1 i Myklebustdalen ved start, og det yra og småregna heilt til topp`s. Heldige var vi idag, ein særdeles sprek kar ved navn Mikael, hadde nok vore til toppen to ganger og laga fine spor. Ellers noko klabbeføre på fellane oppover og nesten so at eg måtte stake meg nedover. Greit med trått føre, men no er nok-nok... 3 år har eg vel tenkt på behandling av skia, no skal dei glides på søndagen! Eg valgte å luffe heilt til toppen, medan Brit Siv spadde >>>

Karte    

Kvitsvornipa/Sølvet i Jølster og tidenes ski eventyr!

Datum:
30.11.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:16h
Entfernung:
14,6km

Siste dag i november og nydelege forhold på alle vis. Nok snø, pudder og silkeføre, blå himmel, stjerneklart, stille og nesten ein fullmåne. Arbeidsdagen min starta med skitur og det vart ein stor opplevelse! Dagen den fortsatte vidare med tidenes ski eventyr, og inn i det eg synast er ei av dei vakraste perlene i Jølster. Vi fekk kveldslyset, ein ildrød solnedgang, stjerneskudd over himmelen, ei tydelig karlsvogn og måneskinnet til toppen. Ingen av oss hadde hast med tida, det var berre å nyte øyeblikket! Det vart tidenes lengste hærlege nedrenn og tur ut Ålhusdalen ifrå Syskarnipa, i den aller finaste snøen. Det varte og det varte... Takk for fin tur Brit Siv F https://www.youtube.com/watch?v=J6ZWlDks0nQ

Karte    

Vesle Olahansfjellet/Jølster

Datum:
30.11.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
7,7km

Ein fin tur på føremiddag i strålande vinterver. Mange skispor etterkvart, men endå plass til nye spor...

Karte    

Eikåsnipa

Datum:
27.11.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Nydeleg kveldslys og ymse føre!

Karte    

Eikåsnipa, pudder og hærleg rusk!

Datum:
25.11.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Sjølv om eg kjenner dette fjellet rimelig bra! Stussa eg nokre ganger idag på kor langt ned eg var komt. Kanskje 2 meter sikt der oppe! Dei turane ein må skjerpe sansane, er nok dei mest fantastiske turar! Utsikta kjenner ein jo ellers så vel til :) https://www.youtube.com/watch?v=rcWF7se6EfA Dette er definitivt, kanskje dei beste åleine øyeblikka i kvardagen min, som gir overskudd og balanse :)

Eikåsnipa og endelig nydelig puddersnø :)

Datum:
24.11.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Karte    

Bolsetnipa - Vintereventyr i solnedgang

Datum:
21.11.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:26h
Entfernung:
12,7km

Etter mykje regn og ruskever! Kan ein ikkje bli tidleg nok ferdig på jobb, for å komme seg raskt nok avgårde til å nyte ein sånn ettermiddag og kveld. Det kribler av forventing til kva skiføre som er og til å kjenne vintersola! Traff ein kar på returen, som tenkte det samme :)

Eikåsnipa

Datum:
20.11.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Særdeles interessant føre til topp`s

Karte    

Olahansfjellet/Jølster

Datum:
13.11.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:55h
Entfernung:
11,6km

Ferdig på jobb og delvis avtale om å treffe Brit Siv og Ina på kveldstur. Eg har Miriam heime nokre dager og velger å suse avgårde raskt rett etter jobb, for også å få med kveldslyset innover breen. Samtidig som tida til å være ilag med ungdommen min er dyrbar og eg kjenner det haster litt å komme seg heim :) Nyter stilla åleine, med ein etterkvart klarare stjernehimmel og 7 blå opp mot Olahansfjellet. Ser dei einaste færske spora som er i fjellet etter villreinstammen, som vart forstyrra av mitt nærvær der oppe. På veg ned fjellet møter eg Brit Siv og Ina, dei greier selfølegelig å overtale meg nokre høgdemeter oppatt, for endå fleire hærlege telesvinger. Rett og slett pudderføre på sesongens første skitur :)

Karte