Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Olahansfjellet & mange fine på tur! Lille julaften!

Date:
23.12.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.6km

Fin tur på føremiddag og mange kjente trivelige på tur! Også kjente ungdommer tok både ein og to turer denne dagen opp mot Olahansfjellet. Vi var førstemann på toppen idag og fekk nyte skuet av reinsdyrflokken på passelig fin avstand. Det er alltid eit syn som berører hjertet! Ekstra sterkt når ein ser framtida og utviklinga.

Map    

Endelig Julestemning! & obs tur!

Date:
21.12.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.6km

Mykje jobb for tida & langvaktene står i kø! Refleksjon til det er at det er frivillig og at ein skal være glad for at ein faktisk kan jobbe! Det setter også friluftslivet & livet i eit fint perspektiv. Eg setter pris på dei kontrastane i veldig stor grad. Denne gang har eg fri vesle & julafta etter å ha jobba dei tider dei tre siste åra. Når det kvite gull slår til imellom plikter! Då er det berre å komme seg opp i høgda for å nyte tida & skumringstimen. Tida til juleforberedelser, jobb og obs tur ilag med Brit Siv er gull :) https://www.youtube.com/watch?v=E8gmARGvPlI Det er jo jul og då var det også stas å sjå dokumentaren om Last Christmas med Georg Michael - Wham. Den er jo berre legendarisk! :)

Map    

Eikåsnipa ein blå dag! :)

Date:
03.12.2024
Distance:
5.2km

Tur på Eikåsnipa før kveldsvakt. Nydelig, kaldt ver med blå himmel og sol som varma bittelitt. :) Nokre få blå på gradestokken. Fint å russle rundt i skogen idag, for å finne ut vidare kor ein kan tynne krattskog til eit litt meir opent nedrenn på ski ifrå Eikåsnipa.

Map    

Eikåsnipa

Date:
02.12.2024
Distance:
5.2km

Ein tur på Eikåsnipa før kveldsvakt!

Map    

Eikåsnipa

Date:
30.11.2024
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km

Tur før langvakt! Mildt, regn og slappsesnø til topps!

Map    

Tur før vakt!

Date:
15.11.2024
Distance:
3.4km

Morgentur før regn & vakt! Mot toppen flaug det ut fire Orrfugl og i snøfonnene mot varden ca 6 kvite ryper.

Map    

Høgenipa - Jølster & tur for fotografering!

Date:
10.11.2024
Distance:
14.3km

Lenge sidan eg har gått denne ryggen. Kjekt å gå opp igjen heile ryggen og utruleg fint å nyte haustfargane til fulle! Det hadde frose på vatna. Det låg igjen litt snø og snøfonner ifrå tidlegare snøfall.

Map    

Eikåsnipa etter tur på Halbrendsnipa

Date:
05.11.2024
Distance:
5.2km

Strålande dager er ikkje kvardagskost! Då må det berre nytast! :) Etter turen på Halbrendsnipa på heimveg hadde eg endå litt tid før eg skulle på kveldsvakt. Himmelen var blå og sola stråla god varme! Då var valget enkelt & Lale var i barnehagen, så eg ville ikkje rekke noko tid der. Det var fint å skue ifrå varden på Eikåsnipa & nyte dei fine refleksjons tanker på toppen i all stille!

Map    

Orkja - Jølster

Date:
04.11.2024
Distance:
3.4km

Map    

Orkja - Jølster

Date:
25.10.2024
Distance:
3.2km

Etter eit par timer med flygeblad runde med informasjon angående vindturbiner på Snøheia. Var det fint å nyte solgløttet oppover eit haustfarga Orkja før kveldsvakt.

Map