Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Hælkinna ++

Dato:
18.02.2025
Turlengde:
2:23t
Distanse:
13,2km

Alltid staselig å suse turer utover mot landet som møter havet. Kjekt med ny tur ut igjen til eit magisk fint kyst terreng! Mange nye forandringer i høgdevurderinger!! Eit snødryss og opp ising i stien! Seier noko om at det var greit med brodder under turen. Ellers hærleg med kuling i vindstyrke! https://peakbook.org/tour/251631/Marafjellet%252FS%C3%A6trefjellet%252FBremanger.html

Kart    

Fanneskarvarden + Heftig fint!

Dato:
28.01.2024
Distanse:
9,1km
Kart    

Fint ruskever! Flofjellet & Storehovden

Dato:
27.01.2024
Distanse:
4,2km
Kart    

Punkt på Ålfotbreen!

Dato:
09.04.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
6:32t
Distanse:
26,4km

Fine meldinger for eventyr til Ålfotbreen! Eit nydelig område å besøke fleire ganger!

Kart    

I verdensklasse; Saga ved Ålfotbreen i excellent selskap!

Dato:
06.09.2022
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
24,5km

Dette er mitt favoritt område uten tvil! Min første klatre topp Maritind 1295 var i dette området. Nokre få meter ifrå dette siste målet på denne turen til Saga! Eg hugsar tilbake då ifrå ein strålande tur ilag med Joar heime i Jølster. Hugsar turen som den skulle ha vore nyleg. Starta lovlig seint å køyre ifrå Jølster. Gjekk turen inn via Blåbrebu og starta å klatre i halv sju tida på kvelden. Mista kameraet på klatreturen oppover, der det slo i fjellveggen og for ned i bresprekken ved foten av fjellet. Høyrer lyden endå av kameraet som slo nedetter fjellveggen. Greidde å klyve nedi å plukke det opp igjen då vi var vel nede. Minnebrikka vart berga! Det var eit sorgens kapittel med kameraet for meg. Men, Joar greidde å snu mismotet mitt då. Bilder ifrå toppen har >>>

Kart    

Bukkenibba & Høgefjellet - Bremanger

Dato:
29.08.2021
Turlengde:
3:53t
Distanse:
15,0km

Hærleg fin tur åleine til Bukkenibba 1520 med hovudmål Høgefjellet 1411 moh. Heilt fint denne gang å sleppe grusvegen på litt over 3 km etter temmelig mange mil i stein terreng dagen/dager i forkant og sein start på denne dagen. Sjølv om eg ikkje har imot høgdemeter og lengder! :) Ekstra bonus og ekstra kjekt å treffe på folk med felles bekjente i Romsdalen. Fekk fint bokmatrial å lese :) https://www.youtube.com/watch?v=TiCxqhu9cio

Kart    

4 fjell i Ålfoten - Snønyken, Midtheia ++ Bremanger

Dato:
25.06.2021
Turlengde:
6:31t
Distanse:
18,7km

Desse fjellområda er noko av det vakraste eg veit! Gleda og fryden over å bevege seg i dette terrenget er som ei skattekiste av overraskelser! Det i eit unikt hylleterreng/legder av stein og atter stein, men også eit rike av vegetasjon for dei som vil legge merke til...

Kart    

Snøfjellet/Blålidalsfjellet - Verdensnatur i vindmølleruin!

Dato:
13.05.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:13t
Distanse:
5,6km

https://folk.uib.no/nglhe/Papers/Norgesgeologi%20kap7.pdf Ingen ting anna å seie enn at dette vindmøllegreiene som helde på å rasere norsk natur no er så inni hampen feil! Det er valdtekt av naturen og dei ressursane som urørt natur kan gi oss av opplevelser. Rik eller fattig speler ingen rolle! Når det kjem til det siste i livet er naturen og stillheita det største vi mennesker søker etter. Også i eit stadig meir krevjande teknologisk liv, rikdom og i søken etter annerkjennelser. Naturen blir flittig brukt på alle sosiale medier! Ingen som tek det tøffe ski, natur, klatrebildet på tindane om ein er aldri så mykje tindevegleder, amatør, den vanlige, mosjonist eller bevandra eventyrer! Og det med vindmøller eller master og anna menneskeskapt kaos i bakgrunn av lykkebildet og statusen som fokus. Kvifor eksploderer det fortsatt med nye >>>

Kart    

Mektig tur til Rikeloftet i godt selskap! - Bremanger/Flora

Dato:
08.11.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:14t
Distanse:
15,4km

Rikeloftet har eg tenkt lenge! Det ligg i eit fjellområde som eg berre elsker! Det er berre eit så utruleg spesielt, vilt og eit barskt område! Dette var ein tur som er spart lenge til å nyte! Gode meldinger var meldt, men det slo denne gangen ikkje heilt inn. Men likevel ein fabelaktig tur! Så utruleg kjempekoselig at Brit Siv ville hive seg med meg på denne fjelltoppen idag! Takk for som alltid for det trivligaste turfellesskap ilag:)

Langtur i eit eventyrland! Keipen-Plogen & Hjelmen

Dato:
05.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:33t
Distanse:
32,3km

Eit fantastisk fjell land å nyte! Eg slit med å sjå dei menneskeskapte skjerdingane og vindmøller og alt anna fremmedelementer i denne naturen! Nokre turer ser ein ekstra fram til med fryd i hjertet og i sinnet! :) Ein venter berre til det rette tidspunktet! Dette er ein tur som eg har tenkt måtte være perfekt med tidleg sommer/hausten som bakgrunnsteppe! Ikkje minst så kan eg også, så godt like å være mutters åleine om opplevelsen! Planlegge og nyte stillheita til naturen i eige selskap. I eit så vilt landskap i mange timer, distanse & høgdemeter, rekker ein å tenke og ikkje minst være ganske så sjølvsentrert for ei stund! Ein kan faktisk kjenne på ganske så mykje :) Til og med den overraskelsen og gleda over å treffe ein ensom fjellfant som hadde tenkt akkurat det >>>