Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Blåfjellet i Gloppen og Naustdal

Dato:
29.06.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:21t
Distanse:
30,0km

Etter gårds dagens rundtur på Merafteholten 965 m og Åstøylsfjellet 1007 m måtte eg berre ta ein ny runde i dette fantastiske området for å nå Blåfjellet 1390 moh og Vest for Holebottsskaret 1188 moh. To fine dager med kombinert fjell og løpstur på litt over 50 km og nokre hm. Planen var å ta desse toppane i ein fin løpsrunde. Men ikkje så aller verst å dele dei i to fine rundturar heller :)

Kart    

Vonavatnet rundt!

Dato:
28.06.2017
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
5:16t
Distanse:
22,0km
Kart    

Hyenfjell - Røyrvikstøylsvatnet rundt og eigen herre!

Dato:
05.02.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:00t
Distanse:
19,9km

Etter gårdsdagens fine toppar ved Sandane, var eg klar for rundtur i fjella ved Røyrvikstøylsvatnet og Hyen. Føret visste eg ville bli ei utfordring og valgte å ta med stegjern. På sommarstid kan eg sjå at det er ein grei tur. Ei litt ekstra utfordring på denne turen i dette terrenget var akkurat føret no! Det var fonner og glasert hard snø. Alt kan virke tilsynelatande...Starta innerst ifrå Røyrvika, ved den siste trivelig bonde der og med felles bekjente i tur og bondelag. Trur vi diskuterte landbrukspolitikk ein halvtime før eg kom meg på gang, men det er jo dette som er kjekt :) Etter siste fossekryssing før eg skulle ta av mot Bruraknappen, sklei eg brått og landa på baken i svaisen og fekk mitt første ufrivillige bad...@@ Eg forbanna rett og slett ein så tåpelig ting >>>

Sandane/Gloppen toppar

Dato:
04.02.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:02t
Distanse:
10,1km

Etter ein fin tur på Arnestadfjellet, var det endå fint lys nok til å rekke Dyrenibba 742 m i nabobygda Rauset. Sidan ein er så glade i tur, km, høgdemeter i ein aldri så fin kombinasjon med å være ein "gniten" vestlending!! Så valgte eg å parkerte like ved bommen. Eg russla meg oppover skogsbilvegen og tenkte med meg sjølv at her er det bønder som driv bruka sine fint. Flotte beite, motorsaga høyrde eg overalt, flotte kyr gjekk ute på beita og såg ut til å storkose seg. Det var tilrettelagt med rasteplassar, benkar og folk var i god aktivitet overalt i området. Kjekt å oppleve :)

Kart    

Arnestadfjellet/Gloppen

Dato:
04.02.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:50t
Distanse:
7,1km

Prøvde å følge delvis merka sti oppover for sporet sin del...Dei informerar om umerka sti i si skilting. Men det var ikkje aktuelt på veg nedover!!

Kart    

Treningstur til Skjorta

Dato:
15.09.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
22,3km

Fløtravarden

Dato:
21.06.2016
Turtype:
Fottur
Distanse:
7,4km
Kart    

Slettheia, Gloppen/Naustdal

Dato:
31.03.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:30t
Distanse:
10,4km
Kart    

Snønipa

Dato:
09.01.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
22,2km

Eg og Geir Arne har lenge snakka om å få til nokre fjelldagar i Jølster! Endeleg laga det seg ein muligheit for alle og jammen på tide etter snart 6 års bekjentskap å få til eit Jølster besøk :) Nydeleg ver var det meldt denne helga, litt snøfattig var det men det stoppar jo selfølgeleg ikkje toppgleda..;) Planen var å gå på Snønipa søndag ilag med Joar og Geir Arne. Men av ulike orsaker vart det ein rask bestemmelse om tur på lørdagen istadenfor. Etter ein 1/2 time pakking, ein rimeleg hektisk frukost og vi var turklar. Det var jo meldt ganske så kaldt denne dagen...men sidan innlandskrabben er vant med den temperaturen var det ikkje så mykje å lure på, verre var det for oss kystsamane!!! Joar som bur nærmast var komt inn litt før oss og starta turen oppover i roleg >>>

Skjorta frå Førde

Dato:
08.10.2015
Turtype:
Fottur
Distanse:
12,2km

Eigentleg var planen idag å få avspasere dei to siste timane ifrå jobb, for å ta ein tenkt løpstur til Storehesten 1209 moh og Blægja 1304 moh. Det meste skjer på jobb når ein har sånne tankar og det var også meldt noko meir regn i ytre. Så då vart det med plan B å gå ifrå Førde, ei ny rute frå den alternative som eg brukar ved å starte frå E-39 via Helgheim og Vasskaret. Nydelege haustfargar mellom bratte fjell og fint turver, sjølv om det såg litt truandes ut med regn. Følgde delvis kraftvegen og sti i raset opp ved den tørrlagde Nydalselva. Bratt oppstigning men heilt supert å få raske høgdemeter. Fin tur, nesten vindstille på toppen og to regndråpar!!!

Kart