Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Reppanipa og Nuken

Dato:
21.01.2018
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
15,5km
Kart    

Husefjellet i Solund

Dato:
15.09.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
1,3km

Ein tur heimom til Solund i godveret må til :) Medan eg venta på att skyssbåten skulle gå ifrå Hersvikbygda, hadde eg tid til ein liten beinstrekk på Husefjellet. Hærleg å nyte utsikta over øyane og havet igjen. Ganske så høg krattskog er det også her i enkelte parti! Eg fekk ein aldri så liten tanke tilbake, på ein heller så minnerik tur eg tidlegare hadde på Krakksnova i Nord Solund :) Forskjellen her, var ein liten sti mellom buskene! Det var det ikkje på Krakksnova...Solund har mykje variert og spennande terreng som ein ikkje bør ta for gitt! https://peakbook.org/tour/157714/Krakksnova+i+Solund+og+%22Urskogturen%22.html

Kart    

Tango for to - Austanbotntindtraversen

Dato:
27.08.2017
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
9:48t
Distanse:
10,7km

Strålande vermeldinger ved Sognefjellet denne helga. Det kribler etter å komme seg opp i toppane, klatre og traversere fine tinderygger. Ein kjenner det i blodet og savner så vanvittig den følelsen når det gått ei stund sia sist. Ein er berre rastlaus og får ikkje ro i sinn og kroppen før ein er der og får nyte spenninga og det vakre av det vakraste! Austanbotntintraversen har eg tenkt på lenge. Svein har eg vore på mange fine turar ilag med som t.d Aconcagua, Smørstabbtindtraversen https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html og mange andre fine fellesturar :) Eg sender ei melding...kor er du i helga ? Turtagrø på hytta ilag med Knut. Denne fjellrunda sto på lista til oss begge, Knut hadde klatra den traversen ein gong for lang tid sidan og kanskje fleire! Men var villig å være med oss på ei runde til :) Takk for ein >>>

Hurrungane - Store Soleibotntinden ++

Dato:
26.08.2017
Turtype:
Alpintur

Svein og Knut hadde vore på Store Skagastølstinden fredagen, i tidenes september godver! Eg var ferdig på jobb og rakk ein rask tur oppom Eikåsnipa før eg susa inn mot Turtagrø. Ei hærleg helg med tinder og godver var i vente :) Svein som eig hytta på Turtagrø, måtte tilbake på politikerstand lørdag i Jølster. Så eg og Knut fekk fredagskvelden med god fjellprat og tida til å tenke tanken på lørdagens rundtur over Soleibotntinder. Austanbotntindtraversen var planlagt søndag, og når Svein var ferdig med sine politiker plikter lørdagen. Ein nydelig dag med solvarme fjell, blikkstille på toppane og mange trivelige mennesker å treffe på tur! Sporloggen fant eg ikkje, men blir lagt ved når den er funnet :) Takk for strålande dag i fjellet Knut Skurtveit

Kart    

Eikåsnipa og Husefjellet/Solund

Dato:
21.07.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
6,9km
Kart    

Fuglefjellet ved Lavik/Høyanger

Dato:
08.06.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:13t
Distanse:
3,9km

Kart    

Bjørnstigfjellet og Hawaii stemning på Vines-Holmane

Dato:
28.05.2017
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:58t
Distanse:
15,2km

Etter ein fin dag på ski, siste krampetrekning!! Så hadde eg tenkt litt på Bjørnstigfjellet som ein passeleg iforbifarta topp! Det var eit nydeleg ver og eg visste om den idylliske halvøya mot Fimreite. Eg har det meste tilgjengelig i bilen, så det tok ikkje så lang tid å bestemme seg for å ta ei teltnatt ved fjorden. Varmt og fint i kvelds sola :) Det er sjelden å sjå det så utrulig frodig, med dei mange blomsterarter på eit så lite område. Det var ei stor glede å kunne nyte den varme kveldsola ved fjorden, kjenne sjølufta, trakke rundt i fred, studere floraen og kike på fuglane. Lese bok, nyte kvitvin og diskutere med seg sjølv!! Opp kl 08 søndagsmorgon etter diverese morgenfugl plinger på mobil. Det vart ein ganske så flott morgenjogg på Bjørnstigfjellet, med eit >>>

Bleia & Store Grånosi - Lærdal

Dato:
26.05.2017
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
24,2km

Skodde og lite sikt ifrå stortopper! Johan med på tur!

Kart    

Skinarfjellet

Dato:
18.05.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
10,5km
Kart    

Dag 2 i Hurrungane - Lauvnostinden

Dato:
15.04.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:48t
Distanse:
13,5km

Etter gårdsdagens eventyrdag i dei vakraste vinterkledde alper! Måtte det bli ein tur innom Lauvnostinden 1970 m før heimtur. Veret var meldt litt "dårleg" på tidleg ettermiddag. Det vil seie ikkje dårleg, men med påfyll av meir snø og nye blanke ark! Fordi alle fjellsider i fjellriket Hurrungane såg ut som alpinbakker etter langfredagens store utfartsdag! Det er selfølgelig også flott å sjå alle spor, sjølv om vi liker best det urørte! Det er fine signaturer av mennesker som er ute og nyter den fantastiske naturen me har. Svein vart med opp mot toppen, Torfinn og Stian som er gutane til Svein tok ein litt kortare tur for ei litt tidlegare heimreise. Sidan vi ikkje hadde med stegjerna, valgte vi å snu før toppen. Eg tenker å gå rundturen via Store Soleiebotntinden >>>

Kart