Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Walk in the park! Når mil blir til smil! Jostedalsbreen!

Date:
06.06.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
14:09h
Distance:
52.8km

Sogn & Fjordane er historisk eit fantastisk fylke, og fortsatt er det "mitt" finaste fylke med Jostedalsbreen som ein stor del av fylket. For to år sidan vart Sogn & Fjordane og Hordaland slått sammen til eit storfylke som no heiter Vestland. Vestland er ikkje idag med på fylkeslistene som ei samleliste. Ein kan samle etter 100 pf Sogn og Fjordane eller Hordaland. To også gamle fylker og lister som eg virkelig håper blir freda som samlelister. Det er viktig å ta vare på og respektere historia og mangfaldet med tilhørigheit for den enkelte på ein respektfull måte. Det er som med alt anna! :) Dette er ein tur eg har hatt i tankane eit par år. Men, ved husbygging og mykje jobbing! Så har turen blitt utsatt til dei rette forholda. Det er ein tur utan tvil enklare å >>>

Map     7 comments

Molden - Luster

Date:
05.06.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
8.2km

Fin føremiddag ilag med Miriam i Fjærland. Før eg russla vidare innover mot nye turmål i Jostedalen, for eit par dager i strålande Pinsever!

Map    

Horgehorna - Lærdal

Date:
03.06.2022
Distance:
11.8km

Anna hadde nett vore oppe på Horgehorna og visste at det var heilt fint å gå til fots no til toppen! Med ymse planer for pinsa og ein ledig ekstra fin dag, var valget enkelt å ta ein dagstur inn til Lærdal. Anna hadde heldigvis ledig tid imellom alle løps og trenings opplegga sine. Noko eg sette stor pris på :) Anna har utruleg mykje lokal kunnskap å fortelle ifrå sitt ypperste heimområde i Borgund med kongevegen gjennom det heile. Ho er også ei av eldsjelene til to løp i området Galdane Rundt som eg har sprunget ein gang og Storehaugen opp! Anna er eit forbilde på treningsglede og er eit konkurranse menneske med resultat som temmelig få over så lang tid kan skilte med. Ho inspirer virkelig! Takk for ein fin dag i ditt rike med lang tid til historier og kaffepause i solvarmen >>>

Map    

"Ein like stor opplevelse" Jostedalsbreen - Grensevarden!

Date:
20.05.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:19h
Distance:
35.5km

"Hvorfor skulle ikke hestehoven som spretter opp i grusen utenfor inngangsdøren kunne gi en like stor opplevelse som en palme på en strand i indonesia eller en saxifraga oppe i Jotunheimen" Arne Næss Denne dagen kom og vart etter ein rimelig rask beslutning etter ver. Det fine gamle vennskapet var også førstespørsmålet med som turfølget mitt denne dagen i strålande ver. Ein tur og eit turfølge som hadde og har stor betydning for meg personlig. Den personen som viste meg nærfjella i Jølster, deriblant det første 2K fjellet mitt, Store Austanbotntinden for så vidare rett avgårde til Marietinden og inspirasjon til andre større fjell som Aconcagua i Sør Amerika med så mykje meir. Snakk om å formidle den fine arven til den rette sjela :) Takk for at du var turfølget >>>

Map     5 comments

Storehaugen - Lærdal 17 Mai

Date:
17.05.2022
Characteristic:
Hike
Distance:
6.9km

På veg oppover var det veldig kjekt å treffe på Bjørghild og tid til prat. Fin feiring ilag med Inge

Map    

Dagen før dagen & mot dagen! Korenosi & Fuglesteg

Date:
16.05.2022
Distance:
5.8km

https://ut.no/hytte/101091/fuglesteg

Map    

Aurland/Hol i strålande ver! & trivelig!

Date:
21.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:58h
Distance:
31.6km

Mot ei helg og dager med mange jern i ilden og strålande fint ver. For vidare tur lørdagsmorgen til Bergen, for bursdagsfeiringer i familien. Lenge sidan tur ilag med Johan. Ein saknar turvennskapet og turopplevelsane med dei gode gamle turvennane. Dette vart virkelig ein kjempetur ilag etter gammalt :) Desse toppane var også interesse for Johan etter 1500 m > 100 pf og for min del Sogn & Fjordane liste og i vårt nye Vestland fylke. Som ikkje er ei liste endå..!! Takk for strålande tur Johan og kjekt at du fekk den fine runda di neste dag i godveret. Der eg laut melde pass, av noko så trivielt som gnagsår. Det vart stopp tvert på sporten i Sogndal på heimveg. Det vart nytt kjøp av nye fjellskisko av merket crispi. Satser på at dei held hælen fri ifrå gnagsår på nye >>>

Map    

Blåfjellet - Leikanger/Sogndal

Date:
06.03.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:36h
Distance:
9.6km

Map    

Øvre Salen - Lærdal - Nydelig dag! :)

Date:
27.02.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:04h
Distance:
11.0km

Etter ein litt knotete tur opp på Søre Knipen med heller lite sikt og kraftig vind. Var det vidare superfint med planlagt kveld og natt i bilen til neste tur Øvre Salen. Kvelden vart nytta til å mimre filmen Fjolls til fjells. Eg trur det måtte komme som ein etterfølge av fallet i vindgryta på veg ned ifrå Søre Knipen :) Digger berre den filmen som var påskefilm nr 1 og med den legendariske hærlege Leif Juster i hovedrollen som hotellbestyrer Poppe. :) https://www.youtube.com/watch?v=v0dGJ3R7f_M Yr hadde lova litt meir sikt og sol med påfølgande kuling på toppane denne dagen. Heilt greit, vind kan være fin musikk og nytelse å skue for øyre og syn. Gleda meg stort til å få nyte dagen med skue til gromtoppane i horisonten.

Map    

Søre- Knipen - Årdal /Sør-vest Jotunheimen

Date:
26.02.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:49h
Distance:
8.9km

Det vart ein tur med skjerpa sanser! Null sikt, vind og gps styring for å komme på toppen. Planen var begge toppane, men det var ikkje aktuelt i dette veret og føret! Eg har faktisk ganske så stor sans for desse turane også. På nedrennet tenkte eg at spora var kjekke å følge, men eg lyg ikkje når dei heldt meir enn ca halvmeteren undervegs! Fallet i ein vindskavl på nedrennet var nesten komisk! Eg var eigentlig obs på faren i forkant i samme spor som opp! Men, brått var den der med 2 meter ned. Med heldigvis ei mjuk snølanding :) Det vart med Søre Knipen og Graveskarnosi 1532 moh blir til fots i forbifarten ved neste høve :) Fin tur ilag med Inge

Map