Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Ettermiddags tur til Skjerdingdalsbreen!

Date:
03.04.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
12.2km

Sein ettermiddags tur! Snakka med eit par av mange som kom ned etter tur i området. Det eine paret kom rett ifrå Isfjorden og hadde vore på Kyrkjetaket 1439 og kunne fortelle om heller dårlige skiforhold der med skare og eit veldig ski køyrt fjell. Betre var forholda opp til Sætreskarsfjellet i følge deira konklusjon! :) Så det vart tanker til startutgangspunktet mot Skjerdingdalsbreen & Sætreskarsfjellet :)

Map    

Fløtravarden - Gloppen - Nyter vinterlyset!

Date:
02.01.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
8.0km

Ein temmelig roleg tur etter forkjølingsforholda. Men, nydelig å luffe avgårde i strålande ver. Blå himmel og sol.

Map    

Vidstøylsegga - Gloppen

Date:
22.11.2022
Duration:
5:28h
Distance:
18.7km

Super tur til fots på frosen barmark. Perfekt tur i nydelige omgivelser! :)

Map    

I verdensklasse; Saga ved Ålfotbreen i excellent selskap!

Date:
06.09.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
24.5km

Dette er mitt favoritt område uten tvil! Min første klatre topp Maritind 1295 var i dette området. Nokre få meter ifrå dette siste målet på denne turen til Saga! Eg hugsar tilbake då ifrå ein strålande tur ilag med Joar heime i Jølster. Hugsar turen som den skulle ha vore nyleg. Starta lovlig seint å køyre ifrå Jølster. Gjekk turen inn via Blåbrebu og starta å klatre i halv sju tida på kvelden. Mista kameraet på klatreturen oppover, der det slo i fjellveggen og for ned i bresprekken ved foten av fjellet. Høyrer lyden endå av kameraet som slo nedetter fjellveggen. Greidde å klyve nedi å plukke det opp igjen då vi var vel nede. Minnebrikka vart berga! Det var eit sorgens kapittel med kameraet for meg. Men, Joar greidde å snu mismotet mitt då. Bilder ifrå toppen har >>>

Map    

Oppljosegga & Djupvassegga - Stryn, Stranda, Skjåk

Date:
14.08.2022
Characteristic:
Hike
Distance:
10.3km

Etter strålande avslutning på løpet Skåla 2022 Vart det ein neste dag tur og dag i sola som var meldt på Strynefjellet mot Dalsnibba.

Map    

Skåla opp 2022 - Siste løpet! Stryneskåla

Date:
13.08.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
16.4km

Sidan det var det aller siste løpet på Skåla opp! Vart det bestemt tidleg at dette måtte ein være med på for nostalgien. Sjølv om ein så skulle melde seg på i mosjonistklassa og være heiagjeng til eit flott løp i sjølvaste nasjonalparken. Det har vore 20 løp totalt! 2 løp har avslutta ved Skålavatnet. Eg sjølv har delteke på 8 av dei motbakkeløpa med den eine ei avslutning ved vatnet. Skåla var "debyen" i mitt første motbakkeløp i 2011. Det har vore staselig å følge med og blitt kjent med mange av dei trivelige folka i eit flott motbakkemiljø som er veldig inkluderande i alle aldrer. Kjekt å avslutte med 3 plassering og pall på det siste løpet. Sist gang slo eg Anita Håkenstad og denne gang slo ho meg. Men, ho har ei rå tid på kvinne persen. Hatten av...:) >>>

Map     2 comments

Ville vesten! Ein innertier av tur! For ein dag :)

Date:
01.08.2022
Characteristic:
Hike
Distance:
18.7km

Vekslande sommer ifrå solgløtt til regn og sludd på topper over 1000 moh i denne perioden!! Slutten av juli & begynnelsen av august. Likevel kan ein nyte kontrastane til fulle i natur opplevelser. Dette kan eg kalle nærtur! Ca ein time å køyre ifrå Sanddal til Kandal i Gloppen. Eit vanvittig fint og vilt naturområde. Veret denne dagen var lova litt betre med sol og nesten heilt opplett. Det stemte ikkje heilt ifølge yr. For det var regn, skodde, nokre minutt med sol og sluddbyger undervegs på turen denne dagen. Noko som gjorde eit av rutevalget til fundering og lite informasjon var der å hente. Det var berre å kike på kartet og studere det bratte terrenget. Korleis finn vi den ruta vi har mest lyst på og den mest tenlige ut ifrå vårt mål. Vi satt ei lita stund å tygga >>>

Map    

Myklebustbreen på langs! Jostedalsbreen Jølst/Gloppen/ Stryn

Date:
21.03.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:26h
Distance:
30.2km

I ei langvakts helg på jobb, var det ikkje fritt for at fokuset mitt dvelte på godeveret som var av den største SOL søndagen nokon gang! Eg prøvde sjølvsagt å tenke på alt anna, enn at eg kunne trakke vilt rundt på tur i godveret etter dei ekstra fine opplevelsane! Noko som ein virkelig lengtar heile livet etter, så langt innerst inne i sjela! Det kunne kjennast ut som om blodsukkeret var komt langt under skosålen! Det fantest ingen hindring, som kunne stoppe meg for å komme meg ut på tur i høgda på første fridag. Samtidig så setter eg umåtelig pris på denne kombinasjonen ved å være på jobb og kunne bidra til fellesskapet, for så å gjere mine ting som trening og friluftsliv på fritida. Det er eigentlig ei god likning på eit godt liv hos meg. Denne turen måtte være >>>

Map    

Snønipa! Jølster/Gloppen/Jostedalsbreen - Bauta i godt lag!

Date:
15.03.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
20.1km

Nokre av dei beste turane er dei som ein berre tenker og som ligg der i underbevisstheita! Dit blir det idag! Hadde selfølgelig sjekka veret og visste at vinden kunne bli litt hard der oppe! Men, det satte ingen hindring i lysta til oss tre. Ein telefon til Joar og han var ikkje tungbedt til å være med. Joar har nok komt ut av telling på turer i desse fjellområda gjennom eit langt fjell liv. Joar er skuld i at eg har den dragninga til dette fjell livet. Inge hadde ikkje vore på toppen av Snønipa, og har tenkt på den i lange tider! Joar hadde nok samme tanken som eg. No lengter eg etter turen til Snønipa og breen. Det er spennande å følge med på forandringane i isbreen her. Det skjer forandringer i nedsmeltinga på kort tid! Takk for ein dag i mektige omgivelser Joar og Inge. Tida >>>

Map    

Bolberg - Gloppen

Date:
08.02.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:40h
Distance:
3.0km

Map