Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Tusten - Molde/Fræna & trivelig treff på toppen!

Date:
15.12.2019
Characteristic:
Hike
Distance:
7.0km

Ein beinstrekk oppom fjelltoppen Tusten måtte til før heimtur! Eigentlig eit litt søtt navn synast eg :) Ikkje heilt uventa var det å treffe janyga (Jan Arne Nygaard) på denne toppen :) Men, kva er oddsa likevel å treffast på toppen akkurat dei minutta! Kald vind ved varden, men tid til ein kort og trivelig prat vart det :) Må berre legge til linken som går akkurat no ifrå den vestligaste busetnad og i programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" som selfølgelig er heimanifrå Solund/Sogn & Fjordane og ifrå Nautøyna og ved Utvær fyr. Det vestligaste i noreg. Sidan programmet går akkurat no :) https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/2019/DVSF65100419/avspiller

Map    

Kommunetoppen Freikollen - Kristiansund & norske diamanter!

Date:
14.12.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
2:04h
Distance:
6.5km

Alltid fint å komme seg opp til kjente og kjære fjellområder! Rette øyeblikk vermessig denne gangen med fullmåne, sollyset over fjella og storhavet. Trivelig som alltid er det også å snakke med kjente i området! Ekstra stas er det å kjenne Berit Marie Engvik og Harald Kvarsvik. Dei to traff eg for første gang tilfeldigvis på ein åleinetur som eg hadde på nokre 2000 moh topper i Jotunheimen i 2016 https://peakbook.org/tour/184162/Stetinden+og+Stehøe+i+trollsk+skodde+og+nysnø.html Den andre tur til Kyrkja 2032 moh ++ https://peakbook.org/tour/184199/Ein+staseleg+dag+på+2000+m+topper%21.html Det var fascinerande å høyre om deira historie og liv innan friluftsliv, fjell liv, stein og mineral interesser. Sidan har vi helde kontaken. Eg ser fram til ein tur i deira regi på jakt etter den nydelige diamanten her heime i vår norske natur og opplevelser. https://www.brunsvika.net/nyhetsarkiv-alle-artikler/2012/11752-imponerende-steinsamling https://no.wikipedia.org/wiki/Freikollen Utruleg mange på tur til denne toppen denne dagen! Nesten overveldende og eg tenkte mitt >>>

Map    

Innerdalstårnet og Tåga/Norsk Fjellsport

Date:
03.08.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
11:37h
Distance:
27.2km

Innerdalen har eg kjent til i lengre tid og første gang ifrå Norsk Fjellsport. Eg veit at her er nokre fantastiske klatreruter, blant anna i nydelige Skarfjellet 1790 moh. Som skal prøvast ilag med Trolla i neste fine høve :) Dei siste ferieturane har blitt ganske så sporadiske, spesielt etter at ungdommen min vart vaksen! Eg gleder meg virkelig til å spikre måla mine vidare her oppe i denne vakre delen av landet :) Trondheim vart endestoppen på ferien denne gangen, med ein fantastisk konsert av Robbie Williams. I returen vart det ein hærleg svipptur innom Innerdalen for å snuse på det eg har høyrt og lese om. Sidan eg "nerder" etter sør noreg lista, var Tåga 1840 m målet etter Innerdalstårnet 1452 moh som den kanskje mest kjente toppen for dei fleste med ei lett >>>

Map     9 comments

Skalten - Fræna

Date:
04.06.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
10.5km

Ein dag med vekslande skodde og enkelte regnbyger. Litt synd, for det hadde nok vore ein fin topp å nyte den mektige havutsikta, ved det vakre kystsamfunnet Bud og Hustadvika. Vel nede til parkeringa og bilen såg eg fram til å få bytte om til tørre klede. Det første som møtte meg der, var eit bildekk, så kom neste og tilslutt det siste ilag med karen! Det var eit eller anna kjent, med det fjeset som eg hadde sett ein eller anna stad. Det viste seg å stemme, vi hadde ein felles bekjent. Kjekt å høyre om prosjektet hans til Sydpolen :)

Map    

Mekknøken - Averøy

Date:
04.06.2017
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:38h
Distance:
7.2km

Etter morgonens skogsbilvegtur til Skalten i tjukk skodde, håpte eg på at det skulle lette til turen på Mekknøken for havutsikta sin del. Men den låg tjukk på toppen også her...så den lyt nok få eit besøk i eit seinare høve og håp om godver!

Map    

Jendemsfjellet- Fræna

Date:
27.11.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
1:33h
Distance:
5.3km

Eventyrlyst og rastlausheit tenker eg høyrer godt ihop i totalen av vår ville natur! Og det er vanvittige store kontrastar me har her og innan ein 5 t køyretur, etter våre "fartsgrenser". Ruskete værmeldingar denne helga, men det er då ingen hindring når behovet for naturopplevelse og utløp for energi er stort!! Det er berre fint å sette seg i bilen, reise avgårde og oppleve alt det naturen har å by på. Det blir nokre mil i bil og fint er det då å sortere tankar og planlegge nye mål :) Det er ganske sjeldan eg høyrer radio og ser tv...men i bil skrur eg gjerne på lyden! Denne gangen var det Lisa Ekdahl og Lars Winnerback som stjal oppmerksomheita med nydelige låter. Den stemninga må eg berre dele, all den dårlige salgs og julereklamen som snart har fylt heile nettet >>>

Map     2 comments

Reinsfjellet- Gjemnes

Date:
26.11.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
1:47h
Distance:
10.5km

Map    

Aure: Storøret

Date:
25.05.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:20h
Distance:
7.3km

Ein superfin turdag i eit nydeleg område, synd at skodda låg tjukk rundt varden for utsikta sin del. Men så var det jo berre ein liten smakebit på fleire turar i dette området. Spesielt med dei flate øyane og dei ganske så store og flotte fjella.

Map    

Nonshøa/Storli- Påskeskitur i godt selskap

Date:
04.04.2015
Characteristic:
Ski trip
Duration:
6:00h
Distance:
18.5km

Takk for ein superfin fjelldag! Otto, Inger Lise, Johan og Heidi

Map    

Kråkvasstind & Svartdalskollen

Date:
31.03.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:00h
Distance:
24.5km
Map