Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Høgvagltindane i trollsk skodde!

Datum:
28.08.2025
Entfernung:
16,1km

Etter gårsdagens fine tur til Rauddalstindane hadde eg og Brit Siv ein dag igjen før arbeid kaller. Ikkje fullt så heldig med veret og utsikta denne dagen. Men, likevel nok til at ein fekk sjå området rundt, når skodda letta litt på sløret. Vi gjekk litt etter GPS og ura var særdeles glatt å gå i under dagens tur. På Høgvaglbreen var det ein heldig skuleklasse, som fekk prøve seg over breen. Vi traff på dei i skaret mellom Vestre og Midtre Høgvagltinden. Eine breføreren kunne fortelle at det var blitt mykje meir laust og meir steinsprang opp og ved Vestre Høgvagltinden spesielt dei siste åra. Takker for nok ein fin tur Brit Siv

Karte    

Rauddalstindane i godt selskap!

Datum:
27.08.2025
Entfernung:
19,8km

Endelig klaffa det med fri og fjelltid ilag igjen! No var vi begge sveltefora på dei gode gamle god turane! Turnus arbeid klaffer ikkje alltid med dagvakter og vestnorsk høgfjells ver! Rauddalstindane og Høgvagltindane sto på vårt turfellesskap med fint teltliv og som alltid den gode venne følelsen er der uansett! Det er faktisk det viktigaste av alt! https://www.youtube.com/watch?v=bMdeg-WKt1U&list=RDbMdeg-WKt1U&start_radio=1 https://peakbook.org/tour/596838/H%C3%B8gvagltindane+i+trollsk+skodde%21.html Takk for tur ilag Brit Siv Fimland

Karte    

Austre Rauddalstinden & hauststemning!

Datum:
26.08.2025
Entfernung:
23,2km

Roleg morgon inne ved Olavsbu og fint med frukost kaffien i stilla. Returen tilbake til Leirvassbu vart med ein forandring utifrå første plan. Som var tenkt over Austre Rauddalstinen og vidare via Store & Vestre Rauddalstindane. Ulike årsaker forkorta turen og dei tenkte planane! Turen vart likevel ein kjempefin dag i fjellet. Fin dag og tur i fjellet ilag med Inge

Karte    

Store & Midtre Rauddalseggje - Lom, Luster, Midt-Jotunheimen

Datum:
25.08.2025
Entfernung:
14,6km

Dagen i forkant var ein innmarsj med tur ifrå Leivassbu over Skogadalsnosi og ryggen videre til Mjølkedalstinden og Olavsbunuten til Olavsbu! Olavsbu er eit fint utgangspunkt neste dag til Midtre & Store Rauddalseggje 2168 moh. Eg bruker alltid å ha med stegjern inn i desse toppane om brekryssinger. Denne gang var stegjern bytta ut med brodder! Det skulle halde hardt i blåisen og det gjekk noko meir tid med det over eit lite stykke bratt smelta bre! Ikkje verre, men nok til at ein tenker at neste gang følger ein med i timen igjen! Fin tur ilag med Inge

Karte    

Skogadalsnosi -Mjølkedalstinden - Olavsbunuten

Datum:
24.08.2025
Entfernung:
23,9km

Takk for ein nydelig langtur ilag Sunset (Inge Værøy)

Karte    

Surtningstinden 1997 - Luster/Sognefjellet

Datum:
31.07.2025
Entfernung:
14,9km

Ein fin inneklemt godversdag inne ved Leirvassbu gav ein fin tur til Surtningstinden og nesten like god som ein 2K topp :) Med svært gode minner til ein heftig fin tur ilag med Svein https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html

Karte    

Storegut i fin solo! Luster/Vang/ Sørvest - Jotunheimen

Datum:
07.09.2024
Entfernung:
26,6km

Turen til Storegut vart fin etter gårsdagens langtur. Dagen i dag vart fin som ein kombinert fot og løpstur! Tross gjørmete og våt sti/terreng i starten og opp mot siste topp punktet. Ekstra gjeldene i dei siste ca 60 hm. i det lille opptaket opp til Storegut 1968 moh. Men, det er ikkje så rart etter så store nedbørsmengder som har vore. Det siste lille opptaket kjentast lite trygg denne gangen. Grusen under blokkene var seig og metta av regnet som hadde vore i det laange regnveret i det siste! Kom meg opp med eit mente, og i tankane då vart med ein trygg retur ut ryggen i lett jogg. Det var ikkje så mykje tid å tape på det, for så å komme inn på stien nede i dalføret. Ura opp heilt inntil det siste lille opptaket, opplevast som heilt grei ur som i sporloggen. Ein må alltid >>>

Karte    

Krosshøe & Rundhaugan - Sognefjellet -Breheimen- Lom

Datum:
19.05.2024
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
9,5km
Karte    

Ein av dei store! Maradalsryggen & Skagastølsryggen!

Datum:
08.07.2023
Tourcharakter:
Hochtour
Entfernung:
28,9km

One, two... https://www.youtube.com/watch?v=f3cecpC75vw Three...Talk about a dream! :) Dette er ein tur som er tenkt og planlagt i eit godt fellesskap og vennskap for lenge sidan. Vi har venta med dette fjellmålet med respekt for kvarandre! Sjølv om vi ville enkeltvis kunne nå ulike mål på denne turen isolert sett! Men, vi ville vente ilag på det rette øyeblikket og gjennomføre turen ilag. Brått var der eit vervindu! Svein sende melding ifrå hytta si på Turtagrø. Han hadde ferie! Eg skulle ha arbeidshelg og visste at det var strålande meldinger i høgfjellet. Korleis skal eg angripe denne lysta! Eg måtte berre sende ei melding til min då reddande jurist kollega som jobba helg i psykiatritenesta. Kan vi bytte helg?? Ja, det kan vi! Klart du må komme deg på klatretur i det fine veret! Eg trur faktisk eg var stum ei stund! >>>

Karte    

Hillerhø - Luster

Datum:
19.05.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
19,6km
Karte