Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Lykke på Eikåsnipa

Dato:
11.02.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Før ekstravakt måtte eg berre nyte dei nydelige forholda som er på Eikåsnipa no. Holdt på å bli forsein på jobb! Det var så mange kjente på tur med samme tanke. Bård, Håvard og Elias var superheldige som fekk sola i tilegg under sin tur. Kjekt å diskutere fjell og skiforholda rundt om. Alle var også skjønt einige om at det var godt at Frudalstunnelen var stengt. Så me sunnfjordingar kunne ha pudderfjella for oss sjølve ei lita stund :) På veg ned ifrå toppen var det ingen tvil på lang lei, kven som aksllererte rimelig kjapt oppover bakkane. Det var selfølgelig Mikael som hadde tenkt seg ei treningsøkt x 3 til toppen før jobb. Nede på støylen rakk eg å måke av taket, før det nye snøfallet med mildver var på veg. Utruleg kjekt med så mange på tur :)

Kart    

Hærleg kveldstur til Eikåsnipa med polarekspedisjonserie

Dato:
08.02.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,2km

Etter ein tur til Sandane og på Bolberg på føremiddag. Var det supre forhold på Eikåsnipa til kvelden. Sidan var det interessant å sjå serien om verdens største polarekspedisjon, omhandla klimaforskning. Kan anbefalast på det varmaste å sjå :) https://tv.nrk.no/serie/verdas-stoerste-polarekspedisjon/sesong/1/episode/1/avspiller 2. episode https://tv.nrk.no/serie/verdas-stoerste-polarekspedisjon/sesong/1/episode/2

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
03.02.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark

Fin kveldstur i opplett ver! Bles bra på toppen og brått ganske så mildt. Tilbake i tunet var temperaturen kl 20.30 ca 6 grader pluss. Espen var oppe på støylen for å måke av taket. Fleire på tur til Eikåsnipa denne kvelden.

Kart    

Hafstadfjellet - Førde

Dato:
31.01.2022

Ein tur oppom Hafstadfjellet etter nokre småærend i Førde.

Kart    

Morgentur til Olahans-fjellet i godt selskap!

Dato:
28.01.2022
Turtype:
Randonnée/Telemark

Ein grytidleg morgenstart med hodelykt ilag med Brit Siv. Fint å trakke seg oppover med eit gryande morgenlys. Hærleg stille og fin tur ilag. Nesten nede på parkeringa var det fleire og kjente som ville oppover før det melte mildver og uveret var på veg.

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
25.01.2022
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Fint å trakke seg til toppen ifrå støylen, når Joar hadde laga spor til toppen :)

Kart    

Selstadheia - Gaular

Dato:
24.01.2022
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,7km

Etter langvakter i helga, var det fint å komme seg på det eg tenkte kunne passe som ein barmarkstur i det nye mildveret. Har vore på toppen før, men eg mangla sporlogg og bilde ifrå toppen for min eigen del. Så er det faktisk kjekt å gå oppatt nye turer med nye stemninger etter ver og forhold. To sti utgangspunkt ifrå grusparkeringer som ikkje er skilta P. Retur loggen var nok beste startutgangspunktet. Godt trakka sti opp til Selstadstølen og vidare oppover til Nova 638 moh. Skar av stien og vidare eigen retning oppover ryggen mot toppen 696 moh. Opplett og fint til eg kom i snøgrensa på Selstadstølen. Der ifrå sludda det til topps og skodda hang til eg kom ned att på stølen. Sleipt føre ned igjen! Men, ein fin tur til fots om ikkje utsikta var tilstades ifrå toppen. Selstadstølen >>>

Kart    

Hafstadfjellet - Førde

Dato:
22.01.2022

Mildt og skodde mot toppen med sørpeføre! Tur før kveldsvakt!

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
11.01.2022
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Skiftande ver og fine vinterlys øyeblikk! Rufsete fint oppover med vind, sol og snøbyger ifrå 470 moh. ifrå Uppstunstøylen. Snø til midt på leggen enkelte stader! Avblåst mot toppen.

Kart    

Strålande tur på Orkja - Jølster

Dato:
10.01.2022
Turtype:
Fottur
Distanse:
6,8km

Kart