Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Lauparen

Date:
27.09.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.3km

Ein anbefalt tur....Dronning Sonja skal ha vore på denne også :) Heldig med veret denne dagen og mange på tur i ein godt merka sti til toppen ifrå Grytalisætra. Turfølge Stein

Map    

Vermetinden

Date:
26.07.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
22.5km

Kombinert løp og fjelltur

Map    

Salknappen frå Vermedalen

Date:
25.07.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
21.5km

Parkerte ved Havrehola, der det er merka sti til Vermetinden. Lengre inn er det vel også forbudt å køyre. Vi følgde vei inn til Langvassbua og vidare sti langs etter Langvatnet til ei privat hytte. Tok av herifrå og følgde ryggen rett opp til Søre Salhøa, tid til matpause med Geir Arne Kjeks og eit fint skue til alle stortoppane i Romsdalen...litt av eit område! Vidare er det berre eit kort stykke opp den siste ryggen til hovedtoppen. Mykje snø ligg endå i fjella og sjeldan at vatna framleis er islagde. Salknappen synest eg er den finaste toppen i dette området og ekstra kjekt var det å ha med lokal kjennar med førstekunnskap og historier om fjelltoppane rundt. Turfølge Stein

Map    

Mefjellet opp

Date:
19.07.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
14.0km

Første løp i år... og alltid kjekt med nye fjell. Har vore litt usikker på løpsform, med mange og lange forkjølingar i vår og vinter. Men har funnet årsak på at det er allergi og sannsynleg astma, bagateller allikevel i den store sammenheng!! Kjekt var det i alle fall med eit nytt fjellløp med utsikt til mange nye flotte toppar å bestige :) Ikkje minst flott å sjå Johan Bugge knuse sin eigen løpsrekord på sleipt underlag på 42.57...litt av ein kapasitet! http://www.mefjelletopp.no/

Map    

Skarfjell-traversen

Date:
16.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Distance:
22.0km

Ein fin rundtur er Skarfjell-traversen, denne dagen med atter nydeleg ver..haust med sommertemperatur og blikkstille på toppane. Fint å følge stien innover Langfjelldalen, tok vidare av rett opp mot ryggen til Kulhøgda 1515 moh. Hadde lese Ove sin rapport, og fant ut at det var greit å omgå ryggen på sørsida vest for 1707 og 1723 toppen..sidan vi ikkje hadde klatreutstyr med til denne turen. Fortsatte vidare på ein flott og luftig rygg med litt klyving, tørt og fint fjell som utgjer mykje :) Mot Salknappen

Map