Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Oppsynstur til Kvannebakkbu - Jostedalsbreen Nasjonalpark

Dato:
30.06.2025
Distanse:
6,8km

På tide med ein ny oppsyns tur til Kvannebakkbu /nødbu etter vinteren. Hadde ein dag til rådigheit imellom jobb økter & mykje ver! Ringer og melder Joar som alltid med jamne mellomrom, for også kontakt blant anna til nødbua, sidan ansvaret er overført vidare! Veldig kjekt og ei ære å kunne få følge videre opp denne nødbua. Dette er også eit arbeid vidare, for å prøve å oppretthalde ånda til det som mellom anna Joar & Kjetil har og hadde som sine tanker & idealisme til nødbua. Eg gløymer ikkje henvendelsen ifrå Kjetil. Som spør om eg kan tenke meg å vidareføre engasjementet med sjel å passe på og sjå til at nødbua har det bra. Eg kjenner ein følelse av ære å få ein sånn henvendelse som eg tek med meg vidare. (Det er ikkje for å skryte, men dette tar >>>

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
08.06.2025
Distanse:
5,2km

Pausetrim på Eikåsnipa.

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
07.06.2025
Distanse:
5,2km

Ein tur før langvakt! Mykje kjente folk på tur til fjelltrimpostane :)

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
06.06.2025
Distanse:
5,2km

Tur før kveldsvakt! Fjellet for meg sjølv :)

Kart    

Uførefjellet - Flora

Dato:
01.06.2025
Distanse:
5,2km
Kart    

Klauva - Jølster - Fjelltrimpost

Dato:
30.05.2025
Distanse:
7,0km

Fjelltrimpost til Klauva og tur i lag med Miriam. Kaldt, regn og skodde på toppen! Det vart ein våt bursdagstur for Miriam i dag. På dei fleste bursdager til Miriam på denne datoen i 29 år. Så har det stort sett alltid våre sommer og sol. Nymerka sti i høve fjellpost trimmen. Vi tok ein eigenvariant på returen over myrane! Tur til Klauva er veldig fin via skogsvegen ifrå Strand ved Jølstravatnet. https://peakbook.org/tour/520943/Klauva+-+J%C3%B8lster.html

Kart    

Eikåsnipa med trivelig mimring & nye mål

Dato:
24.05.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,2km

Trivelig selskap med Svein og Mona. Alltid kjekt å mimre gamle turer og planlegge nye turer når vi treffast :) Svein har vore ein kjær turkamerat til mange heftige turer som står høgt på lista mi av turopplevelser i mektige og fine fjellområder! Som til Aconcagua i Sør Amerika. Det var ein stortur om ikkje topp punktet vart nådd! Men, denne turen står nok kanskje som ein av dei finaste https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html Eller turen vi hadde til Store Skagastølen med retur over Dyrhaugsryggen... https://peakbook.org/tour/77204/Fjell+Lykke%21%21+Store+Skagast%C3%B8lstinden+%26+Store+Dyrhaugstinden.html Ein anna tur som også var superfin ilag osb. osb... Så mange fine øyeblikk ein kan skape om turgleda, sinnet og hjertet for naturen ligg i sjela. https://peakbook.org/tour/508623/Ein+av+dei+store%21+Maradalsryggen+%26+Skagast%C3%B8lsryggen%21.html

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
23.05.2025
Distanse:
5,2km

Kart    

Skjerveholten

Dato:
22.05.2025

Kart    

Molden i Luster i strålande ver! :)

Dato:
20.05.2025
Distanse:
8,0km

Kjekt med ein tur til Sogndal før kveldsvakt i godværet! På Molden var det mange på tur! Ved steinhytta var det fint å sitte litt i sola og skue toppane før retur! Traff ei eldre dame og sannsynligvis datter. Dei var ifrå Solvorn. Det vart ein trivelig prat med dei om landbruk, ver og verdensbildets uroligheiter! Vi var einige om at det var gull å nyte eit sånt turøyeblikk i slike omgivelser! :)

Kart