Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Klauva - Jølster - Fjelltrimpost

Date:
30.05.2025
Distance:
7.0km

Fjelltrimpost til Klauva og tur i lag med Miriam. Kaldt, regn og skodde på toppen! Det vart ein våt bursdagstur for Miriam i dag. På dei fleste bursdager til Miriam på denne datoen i 29 år. Så har det stort sett alltid våre sommer og sol. Nymerka sti i høve fjellpost trimmen. Vi tok ein eigenvariant på returen over myrane! Tur til Klauva er veldig fin via skogsvegen ifrå Strand ved Jølstravatnet. https://peakbook.org/tour/520943/Klauva+-+J%C3%B8lster.html

Map    

Midtmorgonshornet & Varden

Date:
27.05.2025
Distance:
9.4km

På heimtur vart det rundtur til Midtmorgonshornet og Varden før regnet kom sigande! Heldig med veret på tur i Sunnmørs og Romsdalsfjell. Heime i Jølster var det ikkje det beste veret denne perioden!

Map    

Julskartinden ilag med Barbro

Date:
26.05.2025
Distance:
8.6km

Systra mi Barbro hadde fri etter langvakt i helga på sjukehuset i Molde. Det passa veldig fint å få til tur ilag & veret var bra! Julskartinden er ein av mange fine turfjell rett i bakgården til Barbro. Liker Molde betre og betre for kvar ein tur som blir i dette området. Fjord, fjella og storhavet i dette området er store kontraster! Kjekt med tur ilag igjen! Takk for tur Barbro Bjering

Map    

Blåfjellet - Ålesund

Date:
25.05.2025
Distance:
6.6km

Ingen planer! Men, veret var betre mot Sunnmøre & Romsdalsfjell i nokre fridager! Eit flott naturområde og alltid fint å ta ruta via Kjersemdalen!

Map    

Eikåsnipa med trivelig mimring & nye mål

Date:
24.05.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km

Trivelig selskap med Svein og Mona. Alltid kjekt å mimre gamle turer og planlegge nye turer når vi treffast :) Svein har vore ein kjær turkamerat til mange heftige turer som står høgt på lista mi av turopplevelser i mektige og fine fjellområder! Som til Aconcagua i Sør Amerika. Det var ein stortur om ikkje topp punktet vart nådd! Men, denne turen står nok kanskje som ein av dei finaste https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html Eller turen vi hadde til Store Skagastølen med retur over Dyrhaugsryggen... https://peakbook.org/tour/77204/Fjell+Lykke%21%21+Store+Skagast%C3%B8lstinden+%26+Store+Dyrhaugstinden.html Ein anna tur som også var superfin ilag osb. osb... Så mange fine øyeblikk ein kan skape om turgleda, sinnet og hjertet for naturen ligg i sjela. https://peakbook.org/tour/508623/Ein+av+dei+store%21+Maradalsryggen+%26+Skagast%C3%B8lsryggen%21.html

Map    

Eikåsnipa

Date:
23.05.2025
Distance:
5.2km

Map    

Skjerveholten

Date:
22.05.2025

Map    

Molden i Luster i strålande ver! :)

Date:
20.05.2025
Distance:
8.0km

Kjekt med ein tur til Sogndal før kveldsvakt i godværet! På Molden var det mange på tur! Ved steinhytta var det fint å sitte litt i sola og skue toppane før retur! Traff ei eldre dame og sannsynligvis datter. Dei var ifrå Solvorn. Det vart ein trivelig prat med dei om landbruk, ver og verdensbildets uroligheiter! Vi var einige om at det var gull å nyte eit sånt turøyeblikk i slike omgivelser! :)

Map    

Eikåsnipa med støylspleie!

Date:
19.05.2025
Distance:
5.2km

Tur på Eikåsnipa før kveldsvakt! Beisa endeveggen på støylen. Nydelig ver! Fjelltrimpost på støylen og Eikåsnipa dette året.

Map    

Eikåsnipa

Date:
13.05.2025
Distance:
5.2km

Map