Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Stølsmaradalstinden ++ Eit rålekkert "taterliv"

Date:
14.05.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
11:00h
Distance:
18.5km

Etter ein kjempeflott fellestur til Store Ringstind i April er det berre sånn at eg får ikkje ro i sjela, før det som er "tenkt" er på plass!! Såg at Geir Arne mangla ein av toppane, måtte berre legge inn ein søknad på tur så snart godvær og forhold låg til rette. Litt forsinkelsar ved start og ankomst var eit steinras. Ei lykke hadde eg med eit 1/2 min. margin av store steinblokker som stengde heile vegen nede ved Fortun. Ekstra flaks var at mannen i bilen rett framom, var veg og bom ansvarleg for Sognefjellsvegen. I løpet av ein 1/2 time fekk han rydda vegen fri! Eg er berre så glad for at ingen kom under dei svære blokkene. Etter tidenes frukost i det fri og start kl 10.00 var me sikkert 60 stk inkludert hunder i alle varianter på tur opp Ringsbotnen. Det var svært >>>

Map     6 comments

Aconcagua samling og Tur til Store Ringstinden

Date:
18.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:00h
Distance:
22.7km

Etter stor turen vår til Aconcagua i februar 2012 har vi lenge snakka om å få til ei samling og fjellhelg. Som alltid passa det ikkje for alle, men vi vart nokre stykker som fekk ei strålande helg på Turtagrø. Svein som var med på turen ifrå Jølster, har bygt seg hytte i området så vi hadde det perfekte utgangspunktet frå Storehaug, ca 1 km frå Turtagrø og like ved Tindefjellsvegen. Etter ein solid og triveleg frukost lørdags morgen, var vi klar for Store Ringstinden. Perfekt ver og føre var det og sikkert 50 stk på toppen denne dagen :)

Map    

Dyrhaugstindane + Nørdre og Nest Nørdre Midtmaradalstindane

Date:
15.08.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
11:00h

Etter turen på Storen med retur tilbake via Søre Dyrhaugstinden den 20/7-13 Vart det satt att to toppar, Nørdre og Nest Nørdre Midtmaradalstind. Det er alltid litt "gnag" i sjela å måtte sette att noko...så ved første anledning og godvær bestemte eg meg for å reise inn att for å nå dei! Tenkte også att det var ei fin trening til Skåla løpet på lørdagen den 17.08. I ettertid tenker eg at det kanskje ikkje var den beste oppladinga til løpet, men eg hadde allikavel ein fantastisk fjelldag og det var det verdt :) Kom inn kvelden før og bestemte meg for å sove i bilen, ikkje så mange andre på parkeringa/teltplass ved Ringsbotnen enn ein vennegjeng på 4 karar frå Sandefjord. Dei hadde tenkt å gå Dyrhaugsryggen og hadde starta grytidleg neste dag, etter sein kveld >>>

Map    

Treningstur Store Soleiebotntind

Date:
14.08.2013
Distance:
4.0km

Min andre tur til Store Soleiebotntind, artig sammentreff på denne turen, var samme dato som for eit år sidan! Ein fin Høgdetopp å trene til løp på, begge gongane i forkant av Skåla løp. Utruleg heldig med veret :):)

Map    

Fjell Lykke!! Store Skagastølstinden & Store Dyrhaugstinden

Date:
20.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
14:30h

Denne sommeren hadde eg bestemt meg for å bruke all ledig tid og godvers dagar som måtte komme til fjelltoppar i Jotunheimen. Også ein super treningsform med sekk og litt høgde i forkant av fjell løpa. Eit venne par frå Jølster har bygt seg hytte på Storehaug ved Turtagrø! Planen var å besøke dei og kombinere det med ein 2000 Topp iløpet av sommaren... Etter vermeldingane for denne helga var det berre greit, Svein og Mona var på Hytta, meldingane Canon Bra. Eg starta frå Eikås kl 04.30 plukka med meg ei veninne av dei undervegs, og tre timar seinare sto vi på hyttetrappa. Vi vart møtt med ny trekt kaffe og frukost. Noko som gjorde sus for dagens fjelltur:) kl 08.00 var eg og Svein klar for dagens tur! dei to andre ville ta rolegare tur i Skagastølsdalen og innom Tindeklubbhytta. >>>

Map     1 comment

Treningstur Store Soleiebotntind

Date:
14.08.2012
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.0km

Map    

Store Austanbotntinden

Date:
08.08.2010
Characteristic:
Hillwalk
Map