Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Ein av dei store! Maradalsryggen & Skagastølsryggen!

Dato:
08.07.2023
Turtype:
Alpintur
Distanse:
28,9km

One, two... https://www.youtube.com/watch?v=f3cecpC75vw Three...Talk about a dream! :) Dette er ein tur som er tenkt og planlagt i eit godt fellesskap og vennskap for lenge sidan. Vi har venta med dette fjellmålet med respekt for kvarandre! Sjølv om vi ville enkeltvis kunne nå ulike mål på denne turen isolert sett! Men, vi ville vente ilag på det rette øyeblikket og gjennomføre turen ilag. Brått var der eit vervindu! Svein sende melding ifrå hytta si på Turtagrø. Han hadde ferie! Eg skulle ha arbeidshelg og visste at det var strålande meldinger i høgfjellet. Korleis skal eg angripe denne lysta! Eg måtte berre sende ei melding til min då reddande jurist kollega som jobba helg i psykiatritenesta. Kan vi bytte helg?? Ja, det kan vi! Klart du må komme deg på klatretur i det fine veret! Eg trur faktisk eg var stum ei stund! >>>

Kart    

Stølsmaradalsryggen - Årdal/Hurrungane

Dato:
26.07.2021
Turlengde:
7:31t
Distanse:
23,3km
Kart    

Kyrvassnosi, Botnanosi & Åsetnosi + - Jotunheimen/Årdal

Dato:
23.05.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:20t
Distanse:
16,9km
Kart    

Simlenosi - Ein litt mindre betydelig bauta i Hurrungane!

Dato:
02.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
17,0km

Men, likevel nydelig & betydelig...Bilder vart vakre fjell & atter vakre fjell :) Etter tur til Skålanosi 1567 & Øljuhalsane 1517 moh Lærdal gjekk ferda rett inn til Lustrafjell. Starta Langfredag med frukost i solvarmen nede ved Lustrafjorden med primus. Himmelsk lakseskive og nytrekt kaffe med skue og lyder av eit sikkert vårteikn, tjelden og ein bedagelig oter som leika i fjøresteinane! Sånne opplevelser er hjartefølelsen, før ein i neste trinn starter dagens turmål ifrå rundkøyringa ved Turtagrø hotell. Etter tur var planen å stikke innom ein god fjellkompis på hytta som han og familien har bygd like ved Turtagrø Hotel. Mange gode turminner i fjellet ilag med Svein. https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html Simlenosi hadde eg i utgangspunktet tenkt kanskje som ein løpstur undervegs til eit anna turmål. >>>

Kart    

Gjertvasstinden & Styggedalstinder- Legendarisk nattur!

Dato:
30.05.2020
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
12:40t
Distanse:
24,6km

Gjertvasstinden i Hurrungane er vel kanskje den toppen av alle dei store eg har lengta mest av alle å nå toppen på! Eg har høyrt mykje fint om dette fjellet, av dei eg kjenner! Som har vore på desse tindane. Store Skagastølstinden er ein bauta, med eit stort besøk! Sjølv var eg heldig å nyte denne toppen nesten heilt åleine ilag med Svein for nokre år sidan. https://peakbook.org/tour/77204/Fjell+Lykke%21%21.html Men, etter turen på Gjertvasstinden, så er det og blir det den største favoritten i dette området så langt! Etter Alpeturen ifjor sommer med Mont Blanc. Hadde me tanker om ein samlingstur i Hurrungane med ei helg på toppane av desse tindane. Når den eine av gutta sender ei melding om at tur er ønskeleg, ved beste anledning til eit fjellområde som står på ønskelista. Så er ein heller ikkje så tungbedt om å rydde >>>

Tango for to - Austanbotntindtraversen

Dato:
27.08.2017
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
9:48t
Distanse:
10,7km

Strålande vermeldinger ved Sognefjellet denne helga. Det kribler etter å komme seg opp i toppane, klatre og traversere fine tinderygger. Ein kjenner det i blodet og savner så vanvittig den følelsen når det gått ei stund sia sist. Ein er berre rastlaus og får ikkje ro i sinn og kroppen før ein er der og får nyte spenninga og det vakre av det vakraste! Austanbotntintraversen har eg tenkt på lenge. Svein har eg vore på mange fine turar ilag med som t.d Aconcagua, Smørstabbtindtraversen https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html og mange andre fine fellesturar :) Eg sender ei melding...kor er du i helga ? Turtagrø på hytta ilag med Knut. Denne fjellrunda sto på lista til oss begge, Knut hadde klatra den traversen ein gong for lang tid sidan og kanskje fleire! Men var villig å være med oss på ei runde til :) Takk for ein >>>

Hurrungane - Store Soleibotntinden ++

Dato:
26.08.2017
Turtype:
Alpintur

Svein og Knut hadde vore på Store Skagastølstinden fredagen, i tidenes september godver! Eg var ferdig på jobb og rakk ein rask tur oppom Eikåsnipa før eg susa inn mot Turtagrø. Ei hærleg helg med tinder og godver var i vente :) Svein som eig hytta på Turtagrø, måtte tilbake på politikerstand lørdag i Jølster. Så eg og Knut fekk fredagskvelden med god fjellprat og tida til å tenke tanken på lørdagens rundtur over Soleibotntinder. Austanbotntindtraversen var planlagt søndag, og når Svein var ferdig med sine politiker plikter lørdagen. Ein nydelig dag med solvarme fjell, blikkstille på toppane og mange trivelige mennesker å treffe på tur! Sporloggen fant eg ikkje, men blir lagt ved når den er funnet :) Takk for strålande dag i fjellet Knut Skurtveit

Kart    

Dag 2 i Hurrungane - Lauvnostinden

Dato:
15.04.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:48t
Distanse:
13,5km

Etter gårdsdagens eventyrdag i dei vakraste vinterkledde alper! Måtte det bli ein tur innom Lauvnostinden 1970 m før heimtur. Veret var meldt litt "dårleg" på tidleg ettermiddag. Det vil seie ikkje dårleg, men med påfyll av meir snø og nye blanke ark! Fordi alle fjellsider i fjellriket Hurrungane såg ut som alpinbakker etter langfredagens store utfartsdag! Det er selfølgelig også flott å sjå alle spor, sjølv om vi liker best det urørte! Det er fine signaturer av mennesker som er ute og nyter den fantastiske naturen me har. Svein vart med opp mot toppen, Torfinn og Stian som er gutane til Svein tok ein litt kortare tur for ei litt tidlegare heimreise. Sidan vi ikkje hadde med stegjerna, valgte vi å snu før toppen. Eg tenker å gå rundturen via Store Soleiebotntinden >>>

Kart    

"Du veit me likte fjellet og det frie utsynet"

Dato:
14.04.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:43t
Distanse:
12,5km

Hallvard Horpen 95 år. Fjellmann og jeger - Eit intervju 1988-89 av Peder Kjærvik som står å lese i boka Lustrafjell - om fjell og fjellfolk i Luster. Luster Turlag 1994 "Gjennom Hallvard sine kvasse og klåre auge, sterke røyst og underfundige språk, vert ein trollbunden lydar ført attende til ein annan kvardag. Ein kvardag då jakt og friluftsliv ikkje fyrst og fremst var rekreasjon, men naudsynt slit for føda. Men, seier Hallvard, du veit me likte fjellet og det frie utsynet. Det var ikkje berre slit og strev, sjølv om me laut ta tunge tak av og til. Når du var komen heim og fått mat, so sov du søkkjande godt. Ingen har ilt av å komme ut av dørane og lee seg lite grann. Det er medisin, det!" Eg vakna kl 07.00 inne ved Marifjøra ved Molden Langfredag i påska til ein >>>

Skagastølsdalen

Dato:
05.08.2016
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,7km

Reiste til Turtagrø etter jobb, ved rask bestemmelse på å springe Fannaråken opp. Eg burde jo ha eit løp denne sesongen før Skåla, som skulle gå helga etterpå. Meldingane for helga var ikkje noko særleg og motivasjonen var sånn passeleg. Sjølv om eg endeleg var restituert etter operasjonen i vinter. Kom inn til Turtagrø og det var mykje igjen av kvelden, bestemte meg for å ta ein lett joggetur inn Skagastølsdalen. Litt folk var det å treffe på tur, men få telt og ganske roleg! Fint å sitte ei stund inne ved Skagadalshytta og nyte stilla før retur til telt.

Kart