Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Nykken & Holten - Flora

Datum:
07.02.2022
Tourlänge:
2:01h
Entfernung:
5,3km

Mykje snø og hjortetrakk. Snøen var kram og det var perfekt valg av truger i kronglete område med også eindel tett skog. Heilt greit å ikkje bruke fjellskia denne gangen. Fin tur i eit flott område! Om betre ver, hadde det vore glimrande no å få til toppturer i dei høgre fjellområda i dette riket.

Karte    

Eikåsnipa

Datum:
03.02.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

Fin kveldstur i opplett ver! Bles bra på toppen og brått ganske så mildt. Tilbake i tunet var temperaturen kl 20.30 ca 6 grader pluss. Espen var oppe på støylen for å måke av taket. Fleire på tur til Eikåsnipa denne kvelden.

Karte    

2.2.22

Datum:
02.02.2022
Tourcharakter:
Wanderung

Avtale med Miriam og Jan Tore om å sjå over Landcruseren og få ein tilstandsrapport. Sidan det er bu og fjellbilen min, hadde eg eit håp om å behalde den til den ikkje vil være med meg lengre. Har samme forholdet til den som min Gps. To gode følgesvenner :) Den har russla og gått 345.000 km sidan 2006 og den har fått nye dyser og automatkasse. Var ekstra spent på rustrapporten! Jan Tore er mekaniker og snart bilutretter/karosseri på Toyota. Miriam datter går det siste året sitt som lærling i delefaget på Toyota. Medan Jan Tore gjekk bilen i saumane, reiste eg og Miriam utover til Flora. Miriam hadde lyst til det, sidan det var ei stund sidan ho hadde vore der. Kom tilbake så var godnyheten at den var overraskende bra i forhald til rust. Eit par enkle slitasje deler å ordne. >>>

Karte    

Hafstadfjellet - Førde

Datum:
31.01.2022

Ein tur oppom Hafstadfjellet etter nokre småærend i Førde.

Karte    

Ein våt tur over Hatlesetnipa - Flora

Datum:
29.01.2022
Entfernung:
5,9km

Fot tur i forkant av det meldte uveret! Det har vore store nedbørsmengder og stien til topps og turen over fjellet var meir eller mindre eit elveløp med slusj snø. Sleipt føre, men ellers var det superhærleg å kjenne at det bles friskt på toppen! :)

Karte    

Morgentur til Olahans-fjellet i godt selskap!

Datum:
28.01.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

Ein grytidleg morgenstart med hodelykt ilag med Brit Siv. Fint å trakke seg oppover med eit gryande morgenlys. Hærleg stille og fin tur ilag. Nesten nede på parkeringa var det fleire og kjente som ville oppover før det melte mildver og uveret var på veg.

Karte    

Eikåsnipa

Datum:
25.01.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,2km

Fint å trakke seg til toppen ifrå støylen, når Joar hadde laga spor til toppen :)

Karte    

Selstadheia - Gaular

Datum:
24.01.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,7km

Etter langvakter i helga, var det fint å komme seg på det eg tenkte kunne passe som ein barmarkstur i det nye mildveret. Har vore på toppen før, men eg mangla sporlogg og bilde ifrå toppen for min eigen del. Så er det faktisk kjekt å gå oppatt nye turer med nye stemninger etter ver og forhold. To sti utgangspunkt ifrå grusparkeringer som ikkje er skilta P. Retur loggen var nok beste startutgangspunktet. Godt trakka sti opp til Selstadstølen og vidare oppover til Nova 638 moh. Skar av stien og vidare eigen retning oppover ryggen mot toppen 696 moh. Opplett og fint til eg kom i snøgrensa på Selstadstølen. Der ifrå sludda det til topps og skodda hang til eg kom ned att på stølen. Sleipt føre ned igjen! Men, ein fin tur til fots om ikkje utsikta var tilstades ifrå toppen. Selstadstølen >>>

Karte    

Hafstadfjellet - Førde

Datum:
22.01.2022

Mildt og skodde mot toppen med sørpeføre! Tur før kveldsvakt!

Karte    

Rinden - Sande i M & R

Datum:
15.01.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:52h
Entfernung:
2,7km

Vekslande ver og fint å komme seg ut til kysten. Storhavet ligg også hjertet nærme. Fint å snuse inn den mektige havlufta og trakke litt barmark. Bakerst i bildet ligg Stadlandet